- KAN GÅ GALE: Tenestestadsleiar for politiet i Årdal, Magne Knudsen, oppmodar ungdomen om å bada heime i staden for utebassenga. - Dei er berusa, og då kan det fort gå gale, seier han.
- KAN GÅ GALE: Tenestestadsleiar for politiet i Årdal, Magne Knudsen, oppmodar ungdomen om å bada heime i staden for utebassenga. - Dei er berusa, og då kan det fort gå gale, seier han. (Foto: Sunniva Knutsen)

Politiet liker dårleg at rusa ungdom tek nattlege dukkertar i utebassenget

– Bad heller i badekaret, er oppmodinga til lensmannen.

Årdal: Det har skjedd i alle år at ungdomen i Årdal hoppar over gjerdet på nattetid og tek seg ein dupp i friluftsbassenga.

Politiet er kjend med fenomenet, seier tenestestadsleiar for politiet, Magne Knudsen. Seinast førre helg var ein patrulje innom både bassenget på Årdalstangen og i Øvre Årdal og jaga dei vekk. 

– Badinga skjer når dei er godt overstadig berusa, og det er det skumle, seier Knudsen. 

– Kommunen har sett opp skilt, og bassenga er stengde om kvelden og natta. Me kan ikkje hindra at folk bryt seg inn, då må me ha bemanning, noko det ikkje er økonomi til.

– Kan gå gale

Det er altså inga nytt fenomen for politiet, og Knudsen fortel at dei vanlegvis ikkje rykker ut på slike hendingar. Med mindre det vert ringt inn klage, eller noko går gale. 

– Det er lite sannsynleg at me kjem til å rykka ut, men om me er ute på patrulje vil me  jaga dei vekk. Eg kan ikkje hugse at me har bøtelagt eller meldt nokon for å ha bada utanom opningstidene, seier han. 

HOPPAR OVER GJERDA: Begge utebassenga i Årdal er gjerda inn og stengde på natterstid. Det visar seg å vera til lite hinder for ungdommen. Foto: Arkiv

Politimannen seier dei nattlege badegjestene opptrer på eige ansvar.       

– Den største fara er dersom det skulle gå gale, og då står det og faller på vedkomande. Kommunen har sett opp skilt og gjort det dei kan.

– Bad heller i badekaret, og ikkje i det offentlege badet, avsluttar han.  

Til toppen