Foto: Illustrasjon.
Foto: Illustrasjon. (Arkiv)

Politiet måtte ta hand om aggressiv og kverulerande mann

Fekk til slutt gå heim for eigen maskin, men ikkje før han hadde rokke å få med seg ei politimelding på tre punkt.

Sogndal: Klokka halv fire i natt kom politiet fekk politiet melding om ein aggressiv mann på Lægreid hotell i Sogndal. Patruljen køyrde dit og fekk kontroll på mannen, som politiet skildrar som særs vanskeleg og kverulerande.

Blant anna nekta mannen å seia kva han heiter, noko som gjer at identiteten til vedkomande førebels er ukjent.

Det som verka som eit sjakktrekk der og då, vil nok stå fram i eit litt anna lys når vedkomande vaknar i dag.

For det at han nekta å oppgje personalia er eitt av tre punkt mannen blir politimeld for. Dei to andre er å nekta å følgja ordre frå politiet og forstyrring av ro og orden.

Kveruleringa må ha hatt noko for seg, for mannen vart vurdert i stand til å ta vare på seg sjølv og sendt frå staden i retning heimover.

Til toppen