Politiet med kontroll – 16 køyrte for fort

Politiet med kontroll – 16 køyrte for fort

Ikkje mindre enn 16 sjåførar fekk forenkla forelegg då politiet hadde kontroll fredag ettermiddag.

Ljøsne: UP var på plass i 70-sona på E16 på Ljøsne fredag ettermiddag, der dei både kontrollerte fart og promille hjå forbipasserande.

Medan samtlege 74 som blei kontrollert for promille ikkje gav utslag på målingane, var det langt verre med farten.

Heile 16 fartssyndarar tok politiet i 70-sona, der den som hadde høgast fart køyrte i 102 kilometer i timen.

Til toppen