KONTROLL: Politiet i Sogndal hadde promillekontroll tysdag føremiddag. Det var ingen utslag på kontrollen.
KONTROLL: Politiet i Sogndal hadde promillekontroll tysdag føremiddag. Det var ingen utslag på kontrollen.

Politiet med promillekontroll

Samtlege med promillen i orden.

Kjørnes: Politiet gjennomførte ein promillekontroll på riksveg 5 på Kjørnes i Sogndal tysdag føremiddag.

Heile 40 førarar vart kontrollert, men ingen gav utslag. Derimot var det ein som fekk eit gebyr for ikkje å ha hatt med seg førarkortet.

Det er ikkje berre i Sogndal politiet er aktive tysdag føremiddag. Også i Lærdal har dei gjennomført to promillekontrollar. I den første ved Lærdalsøyri skule vart 27 kontrollert, men ingen utslag.

På Håbakken vart 32 førarar av tyngre køyretøy kontrollert, og heller ikkje her var det utslag.

Til toppen