ÅTVARAR: Politiet i Sogn og Fjordane åtvarar om svindelforsøk over telefon frå personar som utgir seg for å vera frå Microsoft. Illustrasjonsfoto
ÅTVARAR: Politiet i Sogn og Fjordane åtvarar om svindelforsøk over telefon frå personar som utgir seg for å vera frå Microsoft. Illustrasjonsfoto

Politiet: – Microsoft ringer ikkje folk

Telefonsvindel gjorde at ein person i Sogndal gav bort tilgangen til nettbanken sin. No går politiet ut med ny åtvaring.

Operasjonsleiar Espen Gulliksen ved Sogn og Fjordane politidistrikt går nok ein gong ut å åtvarar folk om telefonsvindel torsdag kveld.

I løpet av dagen har fleire personar blitt ringt opp at utanlandske nummer, der ein engelsktalande person utgir seg for å vera frå Micorsoft, og vil ha tilgang til datamaskina di. 

Gav bort tilgangen til nettbank

– Ein person i Sogndal følgde instruksjonane, noko som gjorde at personen gav bort tilgangen til nettbanken sin, fortel Gulliksen til Porten.no, og legg til. 

– Microsoft ringer ikkje folk, det er heller omvendt. Så for all del, ikkje gjer slik dei seier, men legg på, seier operasjonsleiaren. 

Han oppmodar folk om å melde slike forhold til politiet, og ta kontakt med banken om ein har vore uheldig å gå på svindelen. Likevel tør han ikkje seie kor langt ein kjem med ei slik sak. 

Over heile landet

Også fleire aviser rundt om i landet melder om det same. 

Varden skreiv torsdag om ei kvinne som vart oppringt frå eitt telefonnummer som viste seg å vera Vadsø politistasjon sitt nummer, noko som har skapt storm på sentralbordet til politistasjonen. Likevel er ikkje dette det einaste telefonnummer svindlarane nyttar. Personen som utgav seg for å vera frå Microsoft, og ville ha personinformasjon til kvinna for å få bukt med eit hackingproblem på datamaskina. Då ho nekta, truga han med å fortsette med oppringingane eller å stenge datamaskina. 

– Ikkje ta telefonen eller legg på

Adresseavisen skreiv om svindlarar som har tappa bankkontoar i Trondheim for to dagar sidan, medan Romerikes Blad hadde ei liknande sak for nesten tre veker sidan. Der uttalte tryggleikssjef i Microsoft Norge, Ole Tom Seierstad, at dei aldri ringer kunden, utan at kunden sjølv har vore i kontakt først. Han seier dette er ein veldkjent måte å svinde på. 

– Om dei ringer så legg på eller ikkje ta telefonen. Dei er ute etter å ta kontroll over datamaskina di eller å få deg til å betale for ei teneste som dei ikkje utfører. Ikkje oppgi sensitive opplysningar, seier han til Romerikes Blad. 

 

 

 

Til toppen