Indre Sogn: – I samband med ein laushundepisode i Fjærland finn politiet det betimeleg å minne om at det faktisk er BANDTVANG, skriv dei på Twitter søndag ettermiddag.
Episoden det vert referert til skjedde med sauebonde Johannes Mundal som opplevde at ein hund sprang rett inn i ein saueflokk og skremde dyra.
Det er NRK som omtalar denne saka måndag.
– Eg synest det er uansvarleg oppførsel i grunnen, og blir oppgitt over at folk ikkje bryr seg om norsk lov. Eg har snakka til folk med laushund før, og nokre blir sinte og seier at hunden er heilt sauetrygg, seier Mundal til NRK.
I Noreg er det generell bandtvang på hund mellom 1. april og 20. august. Dersom ein bryt dette, kan det vanke både bot, erstatningsplikt og til og med avliving av hunden.
BANDTVANG. I forbindelse med ein laushundepisode i Fjærland finn politiet det betimelig å minne om at det faktisk er BANDTVANG
— PolitietSognFjordane (@politietsognfj) 29. mai 2016