ULUKKE: Ein bil køyrte søndag kveld av vegen mellom Hafslo og Sogndal.
ULUKKE: Ein bil køyrte søndag kveld av vegen mellom Hafslo og Sogndal. (Foto: Arkiv)

Politiet mistenkjer at ulukkessjåføren var rusa

Søndag kveld rykte politi, ambulanse og brannvesen ut når ein mann i 20-åra hadde køyrd av vegen mellom Hafslo og Sogndal.

Sogndal: Det var berre sjåføren i 20-åra som var innblanda i ulykka. 

Politiet vart varsla klokka 22.36, og var på ulykkesstaden tjue minutt seinare saman med ambulanse og brannvesen.

– Føraren var lettare skadd. Bilen hadde minimal skade, men air-bag var utløyst, fortel Christian Algrøy, straffesaksansvarleg ved Sogn lensmannsdistrikt.

Mistenkjer rus

Politiet tok blodprøve av føraren. 

– Me mistenkjer at føraren køyrde i ruspåverka tilstand.

– Politiet har oppretta sak, så no ventar me på analyseresultatet frå blodprøvane, og skal avhøyra dei involverte, seier Algrøy.  

Til toppen