ULUKKE: Ulukka skjedde på E16, om lag fire kilometer vest for Evanger i Voss kommune.
ULUKKE: Ulukka skjedde på E16, om lag fire kilometer vest for Evanger i Voss kommune. (Bilde: Marita Saue Hamre/Avisa Hordaland)

Politiet offentleggjer namnet på den omkomne bussjåføren

62 år gamle Vidar Fardal miste livet i frontkollisjonen i Voss måndag ettermiddag.

Sogndal: I samråd med familien frigir politiet i dag namnet på den omkomne etter dødsulukka ved Nakkagjelstunnelen i Voss kommune i går.

Den omkomne er bussjåfør Vidar Fardal, 62 år frå Sogndal.

Det var like før klokka 15.00 måndag ettermiddag at ein buss frå selskapet Nettbuss kolliderte front mot front med ein trailer på E16 ved Nakkagjelstunneleng. Bussen forlot Sogndal klokka 11.30 og var på veg mot Bergen.

Ein person miste livet i ulukka, medan fem var lettere skada, tolv personar kom frå ulukka utan fysiske skadar.

Til toppen