ØNSKJER TIPS: Politiet ønskjer å koma i kontakt med eigaren av denne bilen.

VIDEO

Politiet om stygg forbikøyring: – Kunne ha enda i katastrofe

No ønskjer dei tips slik at dei kan stilla føraren til ansvar.

Årdal: – Det kunne ha enda i ei katastrofe, seier tenestestadsleiar Magne Knudsen for politiet i Årdal. 

SKREKK OG ÅTVARING: Magne Knudsen håper offentleggjering av videoen skal føra til tips i saka. Samtidig håper han at andre kan bli skremt frå å ta liknande sjansar. Foto:  Sunniva Knutsen

Situasjonen han snakkar om skjedde på ettermiddagen for under to veker sidan i Steggjetunnelen i Årdal. Ein video filma av eit dashbordkamera viser at ein personbil er å farleg nære å frontkollidera med eit vogntog etter ei forbikøyring.

Etter å ha kome i rett køyrebane ser føraren ut til å få sladd på bilen, slik at han sneiar tunnelveggen på høgre side. Sogn Avis var dei første til å melda om den stygge situasjonen.

Ønskjer å åtvara

Knudsen er rimeleg trygg på at det heile kunne fått eit dødeleg utfall, viss ikkje marginane hadde spelt på lag akkurat denne dagen.

– Det skal ikkje vera naudsynt å ha det så travelt at du set deg sjølv og andre i fare, seier han.

Ved å offentleggjera videoen håper politiet å få opplysingar om kven som eig bilen som stod bak den farlege forbikøyringa. Eventuelt at føraren melder seg sjølv.

Til sist ønskjer dei å skremma andre frå å ta liknande sjansar i trafikken.

– Me får jamnleg meldingar om denne typen køyring. Det er difor me ønskjer å legga det ut, slik at folk vaknar, seier Knudsen.

Til toppen