ULUKKE: Ei kvinne omkom i ei trafikkulukke i Flåm før helga.
ULUKKE: Ei kvinne omkom i ei trafikkulukke i Flåm før helga. (Foto: Arne Veum/arkiv)

Dei to andre involverte sjåførane skal til nye avhøyr

Politiet ønskjer tips etter dødsulukka i Flåm. Etterforskinga pågår for fullt.

Aurland: Ei kvinne miste livet fredag då tre bilar kolliderte rundt hundre meter aust for Fretheimstunnelen på E16 i Flåm

I ei pressemelding måndag ber politet vitner til trafikkulukka om å melda seg. Førebels har dei berre to vitner, nemleg sjåførane i dei to andre bilane.

– Me ønskjer å få full oversikt, så om nokon av dei som kom først veit noko meir, eller dei har sett noko av hendingsforløpet, så vil me gjerne vita om det, seier tenestestadsleiar Knut Arne Klingenberg i aurlandspolitiet.

Personar som har opplysningar i saka blir bedne om å ta kontakt med politiet i Aurland ved å ringa tipstelefonen 47 69 60 60. Det er ikkje mogleg å senda SMS.

Etterforskar breitt

Ulukka skjedde klokka 18.36 førre fredag. Dei tre involverte bilane var ein grå Tesla Model S, ein blå Toyota Auris og ein grå Audi A3 Sportback e-tron.

Klingenberg seier at politiet er midt i den tekniske og taktiske etterforskinga, så dei har enno ikkje gjort seg opp ein meining om kva som var årsaka til ulukka.

– Er det mistanke om høg fart eller ruskøyring?

– Nei, per no er det ingenting. Men me jobbar breitt og ser på alt, seier Klingenberg.

Skal inn til nye avhøyr

Han fortel at dei to andre sjåførane vart avhøyrte på staden om natta, men skal inn igjen til nye avhøyr.

– Har nokon av dei status som mistenkte eller sikta?

– Dei fleste er vel mistenkte, inntil me veit noko meir, seier Klingenberg.

I samråd med dei pårørande opplyste politiet måndag at den omkomne i ulukka var Nina Møgster frå Flåm. Ordførar Trygve Skjerdal i Aurland seier dødsfallet har råka det vesle samfunnet hardt.

– Aurland er ikkje større enn at me treng alle som er her. Dette grip direkte inn i kvardagen vår. Me tok imot nyheita med stor sorg, og har sterk medkjensle med dei som sit att, seier han.

Til toppen