BER OM TIPS: Politiet ønskjer hjelp frå publikum til å finna ut kven som står bak hærverket i Farnes i helga.
BER OM TIPS: Politiet ønskjer hjelp frå publikum til å finna ut kven som står bak hærverket i Farnes i helga. (Montasje: Arkiv/Politiet)

Politiet ønskjer tips etter hærverk i Årdal

Ein bil, ei takrenne og ei utelykt fekk hard medfart av pøblar i helga.

Årdal: Natt til søndag har nokon knust ei rute på ein sølvgrå bil som stod parkert på Farnes i Årdal. Det vart òg gjort hærverk i området rundt, mellom anna vart det røska opp ei lykt frå ei trapp, og ein del av ei takrenne vart riven ned.

Politiet ber no om hjelp til å finna syndaren.

TRIST SYN: Nokon har knust bakvindauget på ein bil som stod parkert på Farnes i Årdal.

– Me ønskjer at dei som har vore i området, eller som har sett noko som kan vera mistenkeleg, tek kontakt med oss, seier politibetjent Maren Einstabland ved Årdal lensmannskontor.

Lov å angra

Ho seier skadeverket kan ha skjedd i tidsrommet frå 21-tida laurdag til 10.30 søndag føremiddag.

– Det er viktig for oss at me får tips. Det er snakk om skader som påfører store tap for vedkomande som er utsett for dei. Me bur i Årdal og her skal det vera trygt for folk å setta frå seg ting, utan at nokon kjem og øydelegg det, seier Einstabland.

Viss dei som står bak skadeverket skulle angra, er det ingenting i vegen for at dei òg kontaktar politet.

– Då får dei sjansen til å forklara kva som har skjedd og til å visa at dei tek ansvar for eigne handlingar, seier politibetjenten.

Til toppen