ØNSKJER TIPS: Det skjedde eit innbrot i eit bustadhus på Hafslo denne veka, der verdiar blei stole frå huset. Politiet i Sogndal ønskjer tips frå publikum.
ØNSKJER TIPS: Det skjedde eit innbrot i eit bustadhus på Hafslo denne veka, der verdiar blei stole frå huset. Politiet i Sogndal ønskjer tips frå publikum. (Foto: Halvor Farsund Storvik / Arkiv)

Politiet ønskjer tips frå publikum etter innbrot på Hafslo

Torsdag melde ein huseigar om innbrot i huset sitt på Hafslo. No ønskjer politiet innspel frå publikum.

Luster: Politiet fekk melding klokka 19:25 torsdag om at det hadde skjedd eit innbrot i ein bustad på Hafslo. 

Ein kveldspatrulje reiste til staden og oppretta sak, og politiet leitar no etter spor i huset, som fotavtrykk og DNA, opplyser regionlensmann Inger Lill Lanes til Porten.no. 

Meldaren opplyste til politiet at han hadde vore i fjøsen i to timar, og at innbrotstjuvane hadde teke seg inn i huset i mellomtida, gjennom ei verandadør. 

– Tjuvane hadde rota mykje inne i huset, og huseigaren har endå ikkje fått full oversikt over kva som er tatt, men sølvtøyet er vekke, seier Lanes.

Etterforskar likt tjuveri i Førde

For to dagar sidan fekk politiet melding om eit tjuveri i Førde kommune i Sunnfjord med lik framgangsmåte. Tjuvar tok seg inn i eit bustadhus gjennom verandadøra og stal gull og smykker.

Over helga skal polititet i Sogndal samarbeide med politiet i Førde for å undersøke om det er samanheng mellom dei to sakene, og fleire hendingar i Sogn og Fjordane, seier Lanes.

– De mistenker at det er same gjerningsperson som har utført begge tjuveria? 

– Framgangsmåten er veldig lik i dei to sakene, så me må sjå det i samanheng. Det er ikkje sikkert det heng saman, men me undersøker det, seier Lanes.

Ønskjer tips frå publikum

Regionlensmann Lanes seier at politiet er interesserte i innspel frå innbyggjarane på Hafslo.  

– Me er interesserte i å høyra frå publikum dersom dei har sett bilar eller folk som vanlegvis ikkje høyrer til i området.

Har du informasjon eller tips kan politiet i Sogndal kontaktast på tlf: 57 62 91 30 kvardagar, eller tlf: 02800 i helgane. 

Til toppen