HENLEGGER SAKA: Politiet reiser ikkje tiltale mot Bergen fengsel etter at trippeldrapstiltala Peter Beak hoppa frå eit tak og pådrog seg alvorlege skadar. Foto: NTB/Scanpix.
HENLEGGER SAKA: Politiet reiser ikkje tiltale mot Bergen fengsel etter at trippeldrapstiltala Peter Beak hoppa frå eit tak og pådrog seg alvorlege skadar. Foto: NTB/Scanpix. (Foto: NTB/Scanpix.)

Politiet reiser ikkje tiltale mot Bergen fengsel

Granskingssaka er avslutta og forholdet er henlagt, opplyser politioverbetjent i Hordaland politidistrikt.

Politiet reiser ikkje tiltale mot Bergen fengsel etter at trippeldrapstiltalte Peter Beak (31) hoppa frå eit tak og pådrog seg alvorlege skader.

Det melder VG. 31 år gamle Peter Beak, som var tiltalt for tre overlagte drap på Valdresekspresser i november i fjor, døydde seinare av skadane han pådrog seg.

– Me oppretta ei granskingssak og har innhenta informasjon frå fengselet, vore på befaring og fått skissert kva som skjedde. Granskingssaka er avslutta og forholdet er henlagt, seier politioverbetjent Nils Inge Romslo i Hordaland politidistrikt til VG.

Det var den 25. august at mannen frå Sør-Sudan klatra opp på eit tak og hoppa med hovudet først ned i asfalten i samband med ein psykologsamtale i Bergen fengsel.

To psykologar og tre politibetjentar var saman med 31-åringen då hendinga skjedde, og dei skal ha forsøkt å snakka mannen ned frå taket, utan hell. 

Mannen pådrog seg eit brot i nakken og blei sendt til Haukeland universitetssjukehus, der det seinare blei slått fast at sørsudanaren truleg ville bli lam.

Den 10. september bestemte sjukehuset seg for å kopla mannen frå respirator. Han haldt fram å pusta for eiga masking drøye 50 minuttar før han døydde.

Granskingssaka om kva som skjedde på sjukehuset då han blei kopla frå respirator vert framleis granska. 

Til toppen