LAGA BRÅK: Bebuarar melde om 15 ungdommar som laga bråk i Sogndal sentrum.
LAGA BRÅK: Bebuarar melde om 15 ungdommar som laga bråk i Sogndal sentrum. (Foto: Arkiv)

Politiet rykka ut etter melding om ungdommar som laga bråk

Bebuarar i sogndalsområdet melde om slossing, skrik og skrål.

Sogndal: Klokka 20:42 fekk Vest politidistrikt melding om berusa ungdommar som laga bråk  i Sogndal sentrum.

Bebuarane melde at omlag 15 ungdommar ned i ungdomsskulealder, dreiv med slossing, skrik og skrål.

Det er ifølgje bebuarane amper stemning på staden, men ikkje meldt om skader.

Politiet sender ein patrulje til staden.

Til toppen