Politiet rykka ut til fotballeik i Sogndal – 20 personar på bana

KORONAVIRUS

Politiet rykka ut til fotballeik i Sogndal – 20 personar på bana

Det melder politiet på Twitter.

Sogndal: Etter melding om at mange spelte fotball på ei bane i nærleiken av Fosshaugane i Sogndal, rykka politiet ut. 

– På bana fann dei 20 personar. Alle var spredt godt utover, og dei var bevisste på å halde avstand til kvarandre og hadde vurdert smittefaren, melder politiet. 

Det var familiar med barn som leika saman. Politiet har ingenting å seia på opplegget. 

– Nei, dette er ikkje noko problem i det heile teke. Dei hadde vurdert det meste, så det var berre fint, seier operasjonssentralen til Porten.no.

Politiet melde først om at det var snakk om ein fotballkamp. Sida kom det melding om at det var famliar som leika.  

Til toppen