KAOS: Mykje trafikk prøver å koma seg fram til utsiktspunktet Stegastein, torsdag. Det har resultert i trafikkaos i Aurland.
KAOS: Mykje trafikk prøver å koma seg fram til utsiktspunktet Stegastein, torsdag. Det har resultert i trafikkaos i Aurland. (Foto: Arne Veum)

Politiet rykka ut til trafikkaos i Aurland, Vegvesenet:– Folk har stått i kø i to timar

Eit titals bussar laga kaos på vegen opp mot utsiktspunktet Stegastein i Aurland kommune. Folk har stått i kø i fleire timar.

Aurland: Klokka 16:12 rykka politiet ut til vegen opp mot utsiktspunktet Stegastein, i Aurland. Det melde Politi vest på Twitter, torsdag.

Politiet mistenker at ein buss har fått trøbbel med å starta motoren. 

– Folk har stått i kø oppmot to timar på det lengste. Det står ein buss oppe under Ås, og det står fem bussar og mange bilar nede rundt Kvam. Det er bussane som lagar kaos.

– Dei har stått ein time, men dei er i ferd med å rygga seg ut av området, seier Ketil Molvær ved Vegtrafikksentralen. 

– Politiet og entreprenøren er på veg, seier han.

Då Porten.no kontakta Visit Flåm, ønskja dei ikkje å kommentere saka

Porten.no oppdaterer saka.

Har du bilete eller var du tilstades? Kontakt vår journalist på tlf: 908 15 045

Til toppen