SLÅSS: Politiet rykte ut til ein slåsskamp i Sogndal i natt. Fornærma var ein mann i 20-åra, som melde frå om hendinga sjølv.
SLÅSS: Politiet rykte ut til ein slåsskamp i Sogndal i natt. Fornærma var ein mann i 20-åra, som melde frå om hendinga sjølv. (Foto: Arkiv)

Politiet rykte ut til slåsskamp i Sogndal

Natt til sundag rykte politiet ut til ein slåsskamp ved Lægreidspuben i Sogndal sentrum.

Sogndal: Politiet fekk melding om ein mann som hadde blitt slått og sparka ved utestaden i Sogndal i natt.

Det var den fornærma mannen i starten av 20-åra, som varsla politiet sjølv etter hendinga, opplyser operasjonsleiar Tatjana Knappen til Porten.no. 

– Då politipatruljen kom til staden roa det seg. Dei intervjua fleire vitner på staden og har oppretta sak, seier Knappen. 

Ho opplyser at politiet ikkje kan seie kor mange personar som var involvert i slåssinga eller kor store skader den fornærma mannen hadde.

Til toppen