PROMILLEFOKUS: Lensmann i Årdal, Magne Knudsen, og politiet i Sogn kjem til å ha ekstra fokus på promille denne veka. Foto: Ina Eirin Eliassen (Arkiv).
PROMILLEFOKUS: Lensmann i Årdal, Magne Knudsen, og politiet i Sogn kjem til å ha ekstra fokus på promille denne veka. Foto: Ina Eirin Eliassen (Arkiv).

Politiet set inn ekstrainnsats mot promillekøyring

Berre måndag vart 134 bilar kontrollerte i Årdal. Denne veka kjem politiet i Sogn til å leggja ned ein ekstra innsats på vegane.

Årdal: Me er godt inne i julebordsesongen, og for mange er alkohol ein sentral ingrediens. Det betyr at mange set seg både medvite og umedvite i bilen med promille og blir ein fare på vegen.

Difor har politiet over heile Noreg eit ekstra stort fokus på å sjekke sjåførar denne veka. Berre måndag vart 134 bilar kontrollert i Årdal. I 2016 skal driftseininga i Sogn kontrollere 5000 bilar. I løpet av denne veka vil dei kome i mål. 

– Seinast i dag fekk eg tips frå ein innringar om eit par personar me bør ha fokus på og kontrollere, fortel lensmann i Årdal, Magne Knudsen.

Fare for andre

Han seier dei ofte får uromeldingar frå publikum som melder frå om vinglete køyring. Lensmannen er difor glad for ei slik veke før jul der ein skal fokusere ekstra på promillekøyring og sørge for at sjåførar i Sogn er klare i toppen når dei sit bak rattet.

– Ein er ikkje berre ein fare for seg sjølv, men også alle andre som ferdast på vegen, seier Knudsen.

Seinast for to veker sidan vart ein person stoppa i Årdal. Då hadde politiet, som køyrte sivilit, fanga han i 130 kilometer i timen. Kombinasjonen av dette og promille er livsfarleg.

– Me ønskjer ikkje dødsulykker, og eg må seie til folk at ja, ein skal kose seg i jula, men om ein er usikker på kor mykje alkohol ein drakk kvelden før, så må dei late bilen stå, er beskjeden frå lensmannen.

Grensa er 0,2

I Noreg kan ein ha inntil 0,2 i promille utan at det vert reagert. Vert du stoppa og bles 0,18, må du likevel vente før du får køyre vidare for å sjekke om rusen er stigande eller synkande. Har ein mellom 0,2 og 0,4, har ein såkalla lågpromille. Då får ein eit førelegg, men får behalde førarkortet.

– Er det over 0,4, får ein førelegg eller fengselsstraff, avhengig av inntekt og kor høg promillen er, forklarar Knudsen.

Innsatsen denne veka er landsomfattande. Lensmann Knudsen seier dei kjem til å dukke opp til alle døgnets tider og kontrollere. 

– Me har nokre dyktige kollegaer som gjer at me kan starte tidlegare enn normalt. Me har også hatt to på utdanning på den nye målaren i den sivile politibilen vår. Det vil seie at me ikkje gjer speedometerkontroll, men snittmåling. Det er meir presist, fortel han. 

Fungerer ikkje å jogge

Det er også knytt ein del myter til alkohol og bilkøyring. Nokon hevdar at det er trygt å køyre dersom ein ventar tolv timar etter at ein tok siste drink kvelden før, men folk er forskjellige.

– Eg hadde ikkje køyrt dersom eg tok siste drink klokka 01 kvelden før og skal køyre klokka 13 dagen etter. Folk har ulike forbrenning, men ein kan rekne eit snitt på 0,15 i timen. Og så spelar dette med søvn og mat ein rolle, seier han.

Éin ting som iallfall er sikkert. Det er ingen vits å drikke mykje kaffi eller ta seg ein joggetur.

– Det fungerer ikkje, humrar Knudsen. 

Til toppen