Gudvangen: Det var tysdag politiet fekk melding om bryggekollapsen. Alle kom seg på land att, men éin vart send til sjukehuset i Voss.
Det er Aurland kommune som eig brygga i Gudvangen, og ordførar i Aurland, Noralv Distad, tykkjer det som skjedde er svært beklageleg.

– Det er svært beklageleg og uheldig for dei som vart råka. Det er viktig at det skal vere trygt å reisa og gå om bord eller å gå i land. No må ein sjå på kva som har skjedd og kva som kjem fram av det, seier han.
Politiet skal etterforske saka
Politiet i Sogn og Fjordane skal no etterforske kva som var årsaka til kollapsen. Til NRK seier Per Rimmen ved politiet sin operasjonssentral at dei vil trenge tid.
– Det kjem an på om dei må hente inn andre med ekstra kompetanse på konstruksjon og slikt i etterforskninga, seier han.
Båten kan ha vore for stor
Brygga var ny i fjor. Ifølgje assisterande hamnesjef i Aurland hamnevesen, Jon Olav Stedje, kan noko slikt skje ved overbelastning
Artikkelen held fram under biletet.

– Men eg vil ikkje seie noko meir før politiet er ferdig med etterforsøkinga, seier han til Porten.no.
– Nokre meiner brygga ikkje er berekna til så store båtar. Kva seier du til det?
– Eg er vel for så vidt samd. Eg har vore i dialog med reiaren, og han meiner det skal gå bra. Det har vore eit tema som har blitt tatt opp at båten er for stor, svarar han.
Arbeidet med å fikse skaden er allereie i gang – då med langt sterkare konstruksjon, avsluttar Stedje.