KONTAKT: Politiet ønskjer kontakt med ein mann som gjekk tur med hunden sin i sentrum av Øvre Årdal i halv tre tida onsdag. Foto: Camilla Skjær Brugrand. 
KONTAKT: Politiet ønskjer kontakt med ein mann som gjekk tur med hunden sin i sentrum av Øvre Årdal i halv tre tida onsdag. Foto: Camilla Skjær Brugrand. 

Politiet søkjer vitne i Øvre Årdal

Ein 11 år gammal gut vart førfølgd og dytta inn i eit gjerde på veg heim frå skulen i Øvre Årdal. 

- Vi fekk melding frå mora til 11-åringen som fortel at guten vart følgt etter av ein mann med utanlandsk opphav på veg heim frå Farnes skule i Øvre Årdal, seier Ole Tom Nord, operasjonsleiar i Sogn og Fjordane til Porten.no. 

Skrubbsår og oppskaka

Den eldre mannen skal ifølge guten ha dytta han inn i eit gjerde.

- Guten har fått nokre skrubbsår og er ganske oppskaka. Når han oppdaga at mannen følgde etter han, gjekk guten fortare og fortare heilt til han vart dytta inn i gjerdet i Øvre Årdal sentrum. Eg har ikkje fått inntrykk av at det skal ha vore ein konflikt mellom mannen og guten frå før av, seier Nord. 

Hendinga er ikkje formelt meld til politiet, men Nord seier at guten og mora skal møte nede på lensmannskontoret i Årdal for å melde saka torsdag morgon. 

Vil ha tak i vitne 

- Vi har mistanke om at noko kriminelt kan ha skjedd, seier Trond Akre frå Årdal lensmannskontor til Porten.no.

I fire tida la Politiet i Sogn og Fjordane ut ei etterlysning om at dei ønskja å kome i kontakt med ein mann som lufta hunden sin i sentrum av Øvre Årdal i halv tre tida onsdag. 

- Eg kan ikkje gå ut med så mykje informasjon på dette tidspunktet, men mannen vil skjønne sjølv kvifor vi ønskjer å snakka med han, seier Akre. 

Fekk telefon om noko mistenkeleg

Politet i Årdal fekk onsdag ettermiddag ein telefon frå ein sivil person om ei mistenkeleg hending. 

- Vi har mistanke om at noko kriminelt kan ha skjedd, seier Akre. 

Hendinga har ikkje blitt formelt meldt til politiet, men dei ønskjer å få kontakt med mannen om kva han kan ha sett. 

Til toppen