Sogndal/Årdal: I ei pressemelding tysdag stadfester politiet at det var leivningane etter Christer Fretheim Flem som vart funne på Haukåsen i starten av månaden.
– Det er framleis ingen haldepunkt for at dødsfallet skuldast ei straffbar handling og saka vil no bli avslutta, skriv politiet i pressemeldinga.
Lensmann Magne Straumstein i Sogn har enno ikkje vore tilgjengeleg for kommentar, men uttala dagen etter funnet at han var letta over at familien endeleg såg ut til å ha fått svar.
– Saka er uansett ei tragedie, men hadde vore enno verre å leva med om han aldri vart funnen, sa Straumstein då.
Endeleg punktum
Christer Fretheim Flem var på tur med to pleiarar ved flyplassen i Sogndal då han forsvann utan spor i 2016. Ein omfattande leiteaksjon vart avslutta utan resultat, og politiet la vekk saka to gongar før saka fekk gjennombrotet over fire år etter forsvinninga.
Ein person var på eit arbeidsoppdrag i slutten av mai då det vart funne restar etter eit menneske i det bratte og uframkomelege terrenget på Haukåsen. Politiet måtte veka seinare ha hjelp frå ei spesialgruppe frå Sogndal Røde Kors for å ta seg fram til funnstaden.
Flem var frå Årdal og vart 37 år gamal. Han hadde Angelmans syndrom, og trengde tilsyn døgnet rundt.
I 2018 fekk Leikanger-selskapet Melås AS ei bot på 600.000 kroner fordi dei ikkje hadde betre rutinar for å passa på Christer.