STÅR UTAN SPOR: Bilete er frå eit planleggingsmøte før leiteaksjonen som var gjennomført laurdag 6. juni. Arkivfoto: Ingrid Nordbye-Antonsen
STÅR UTAN SPOR: Bilete er frå eit planleggingsmøte før leiteaksjonen som var gjennomført laurdag 6. juni. Arkivfoto: Ingrid Nordbye-Antonsen

Politiet står framleis utan spor etter den sakna 24-åringen frå Eritrea

Det er no kring to månader sidan den eritreiske mannen vart meld sakna i Årdal, men då politiet står utan nye oppysningar er dei ikkje nærare ei oppklaring av forsvinninga. 

– Me har ikkje noko nytt å melde i saka, seier Magne Knudsen, lensmann i Årdal, til Porten.no.

Politiet har kvalitetsikra det arbeidet som alt er gjort i saka. Kripos har saumfart både telefon og den sakna sine bevegelsar på sosiale medium, med det har ikkje gitt politiet nye opplysningar om forsvinninga. 

STÅR UTAN NY INFORMASJON: Lensmann i Årdal Magne Knudsen seier at utan nye opplysningar får ikkje politiet sett inn aktive tiltak i forsvinningssaka.
Foto: Ina Eirin Eliassen

– Har lite å gå etter

Utan ny informasjon er det ikkje aktuelt med ein ny leiteaksjon, sjølv om det eritreiske miljøet i Årdal har hatt eit ønske om å halde fram leiting. 

– Det eritreiske miljøet har ønska å søke sjølve. Me har prøvd å tenkje korleis og å koordinere søket. Men av tryggingmessige grunnar, har me vald å ikkje gjennomføre det, seier Knudsen. 

Han skjønar behovet for å leite meir etter den sakna mannan, men ein må då ha eit mål og ei meining med leitinga. Per no har politiet lite å gå etter, då det alt har vore fleire resultatlause søk etter mannen. 

– Utan nye opplysningar, får me ikkje sett inn aktive tiltak, seier lensmannen.

Har kontakt med familien

Politiet er i dialog med familien til den sakna, slik at dei er orientert om stoda. Broren til den sakna bur i Israel og kan tenke seg å kome til Årdal, fortel Knudsen. 

– Kva seier familien?

– Saka er ei beslasting for dei. Dei er like frustrerte som oss og bekymra for kva som kan ha skjedd, seier han. 

Til toppen