STOPPA TURISTBUSS: Ein polsk mann i 40-åra er mistenkt for å ha køyrt ein turistbuss i rusa tilstand. Illustrasjonsfoto.
STOPPA TURISTBUSS: Ein polsk mann i 40-åra er mistenkt for å ha køyrt ein turistbuss i rusa tilstand. Illustrasjonsfoto. (Foto: arkiv)

Politiet stoppa turistbuss – mistanke om promillekøyring

Den polske mannen kan venta seg strenge reaksjonar dersom blodprøven gir utslag.

Aurland: Under ein kontroll i Flåm onsdag morgon stoppa politiet ein turistbuss etter mistanke om promillekøyring.

Bussen var full av turistar. Føraren er ein polsk mann i 40-åra. 

– Det vert no teken blodprøve av mannen, skriv politiet.

Til toppen