INGEN TILTALE: Politiet droppar saka mot plitikar og hotelleigar Johannes Einemo i Lærdal.
INGEN TILTALE: Politiet droppar saka mot plitikar og hotelleigar Johannes Einemo i Lærdal. (Foto: Josef Benoni Ness Tveit)

Politiet tek ikkje ut tiltale mot Einemo

Like før valet i september tok ordførarkandidaten permisjon på grunn av valdsskuldingar. Knappe tre månader seinare droppar politiet saka, og motsøksmålet.

Lærdal: – Eg er sjølvsagt glad for at saka no er lagt vekk. Men saka burde ha vorte lagt vekk mykje tidlegare, seier Louis Anda, Einemo sin advokat, til Sogn Avis, som var dei første til å melda om vekklegginga.

Einemo sjølv vil ikkje seia kva han føler no som politiet droppar saka.

– Eg har ingen kommentar til det. Du får ta det med advokaten min, seier han til Porten.no.

Far til offeret hadde ikkje fått med seg avgjerda til politiet, men vil ikkje seia at han er verken skuffa eller letta over utfallet.

– Det motsøksmålet var berre tull og ikkje noko å bry seg om, seier han.

Permisjon frå politikken

Knappe to veker før valet i september kom pressemeldinga som opplyste at Einemo hadde trekt seg som ordførarkandidat for Høgre i Lærdal. Dagen etter vart det kjent at politikaren vart etterforska av politiet, skulda for vald og fridomsrøving i samband med eit Kom Heimatt-arrangement i bygda i juli. Delar av arrangementet føregjekk på Lærdalsøren hotell, som Einemo eig og driv.

Einemo og advokaten Louis Anda valde å gå til motsøksmål, og skulda offeret for falske skuldingar og for å ha kopiert opp ølbongar og brukt dei på hotellet. Familien nekta for skuldingane til Porten.no. Begge sakene er no lagde vekk av politiet.

– Det er generelt strengt beviskrav i straffesaker. I desse sakene var ikkje bevisa sterke nok, seier politifullmektig Nilam Ilyas til Porten.no.

Til toppen