FORSVANN SPORLAUST: Store leiteaksjonar vart sett i gang i forsøket på å finna Christer (37), som forsvann frå turfølgjet sitt på Haukåsen i Sogndal 9.mai i fjor. Han vart aldri funnen att.
FORSVANN SPORLAUST: Store leiteaksjonar vart sett i gang i forsøket på å finna Christer (37), som forsvann frå turfølgjet sitt på Haukåsen i Sogndal 9.mai i fjor. Han vart aldri funnen att. (Foto: Halvor Farsund Storvik)

Politiet tek opp att etterforskinga av forsvinninga til Christer

Etterlyser samstundes to potensielle vitne som kan hjelpe dei å løyse gåta.

Sogndal: Det var 9. mai i fjor at Christer Fretheim Flem (37) frå Årdal forsvann frå følgjet sitt under ein tur ved Haukåsen i Sogndal. Trass store leiteaksjonar vart han aldri funnen att.

No melder NRK at politiet tek opp att forsvinningssaka.

UTAN SPOR: Christer forsvann sporlaust frå skogsvegen ved Haukåsen, då han kom vekk frå turfølget han var i lag med.
UTAN SPOR: Christer forsvann sporlaust frå skogsvegen ved Haukåsen, då han kom vekk frå turfølget han var i lag med. Foto: Privat

– Saka er uløyst, familien har ikkje fått svar på kva som har skjedd og vi tykkjer det er ei vanskeleg sak å leggje vekk. Difor har vi sett ned to personar som skal gå gjennom den på nytt, frå A til Å, seier Arne Johannessen, einingsleiar for driftseininga i Sogn og Fjordane, Vest politidistrikt til NRK.

Etterlyser nye vitne

I går viste TV2 i programmet Åsted Norge to nye videoar i forsvinningssaka, den eine av ein Audi på veg ned frå Haukåsen i 18.30-tida, den andre av ein syklist som kjem ut frå skogsvegen 37-åringen gjekk på.

Desse ønskjer politiet å kome i kontakt med, for å få hjelp til å løyse gåta.

– Dersom nokon har sett noko, gi oss tips så vi kan få vite kva som har skjedd slik at vi får Christer heim og gitt han ei verdig avslutning på eit strevsamt liv, seier systera til Christer, Gro Charlotte Fretheim Sraidi, til TV2-programmet, og som NRK har sitert.

Avslutta etterforskinga for eitt år sidan

Christer hadde Angelmans syndrom og var ifølgje familien utan språk og i utgangspunktet ikkje i stand til å ta vare på seg sjølv.

Ti dagar etter forsvinninga varsla Fylkesmannen at dei startar ei eiga gransking av forsvinninga. Målet var å finne ut om 37-åringen vart passa på godt nok då han forsvann.

I sommar konkluderte dei med at Melås Helse, som hadde tilsyn med mannen, hadde ytt uforsvarlege tenester og påla verksemda å gå gjennom alle tiltaka dei har ansvar for og gjera ei risikovurdering.

Politiet avslutta etterforskinga i september i fjor, men tek ho no altså opp att.

Til toppen