Politiet tok fartssyndarar
(Foto: arkiv)

Politiet tok fartssyndarar

Fem fekk forenkla forelegg.

Kaupanger: Då UP hadde kontroll på riksveg 5 på Kaupanger torsdag, var det heile fem som køyrte vidare med ein bot på samvitet.

Kontrollen vart gjennomført i ei 80-sone, der den høgste farten var 99 kilometer i timen.

Også onsdag kveld hadde UP kontroll, då på E16 ved Håbakken i Lærdal. Her var det to som fekk forenkla forelegg for å ha køyrt for fort i 60-sona. Høgste farten her var 77 kilometer i timen, melder politiet.

Til toppen