POLITIET: Klokka 23.30 rykka politiet i Aurland ut til ein campingplass der ein gjest var overstadig rusa og valdeleg.
POLITIET: Klokka 23.30 rykka politiet i Aurland ut til ein campingplass der ein gjest var overstadig rusa og valdeleg. (Bilde: Illustrasjon)

Politiet tok hand om voldeleg mann i Aurland

Måtte sove ut rusen i arresten.

Aurland: Klokka 23.30 fekk politiet melding om at ein mann i 20-åra var oppfarande og voldeleg mot andre på ein campingplass i Aurland, det skriv Vest politidistrikt på Twitter. 

Den rusa mannen var sjølv gjest på campingplassen. 

Til NRK seier operasjonsleiar, Frode Kolltveit, at mannen slo etter ein annan mann og tok kvelartak på ei kvinne. 

Han seier òg at mannen var rusa og ikkje ville samarbeide, og at då politiet kom til staden heldt campinggjestar mannen nede på bakken. 

Mannen måtte sove ut rusen i arresten i Førde, og blir meldt for vald og ordenforstyrrelse. 

Til toppen