PUNKTUM: Lensmann Magne Straumstein i Sogn håper politiet no kan setta eit punktum for saka.
PUNKTUM: Lensmann Magne Straumstein i Sogn håper politiet no kan setta eit punktum for saka. (Foto: Arkiv)

Forsvinningsgåta i Sogndal vart lagt vekk to gongar, no kan saka ha fått det endelege gjennombrotet

I ei pressemelding torsdag skriv politiet at dei har funne leivningar i området der årdølen Christer Fretheim Flem forsvann 9. mai i 2016.

Sogndal: Det er ikkje registrert andre sakna personar i området, og politiet koplar difor funna til Christer si forsvinning. 

FORSVANN: I 2016 var Christer Fretheim Flem på tur med to pleiarar ved flyplassen i Sogndal då han forsvann utan spor. Flem var frå Årdal og vart 37 år gamal. Han hadde Angelmans syndrom, og trengde difor nokon til å passa på han døgnet rundt. Foto: Privat

– Viss dette no viser seg å stemma, slik me trur, så er me glade for å kunna avslutta saka på ein god måte. Spesielt med tanke på familien som har venta i fire år på svar, seier lensmann Magne Straumstein i Sogn. 

Han seier forsvinninga har rørt mange i lokalsamfunnet, inkludert dei som jobbar i politiet.

– Saka er uansett ei tragedie, men hadde vore enno verre å leva med om han aldri vart funnen seier Straumstein.

Familien ber om ro

Funnet vart gjort i eit bratt og uframkommeleg terreng kor folk normalt ikkje ferdast, opplyser politiet.

Det var tysdag i førre veke dei fekk melding frå ein person som hadde teke seg inn i området under eit arbeidsoppdrag. Neste dag søkte politiet med hund, utan resultat.

LEITEAKSJON: Ein omfattande leiteaksjon vart sett i gang etter forsvinninga for fire år sidan. Foto: Arkiv

Onsdag denne veka søkte politiet på ny saman med Røde Kors. Denne gongen fann dei leivningar.

Christer sine pårørande er varsla, og opplyser via politiet at dei ønskjer ro.

– Funnstaden ligg utanfor området som det vart søkt grundig gjennom i samband med forsvinninga for fire år sidan, skriv Arne Lutro i Vest politidistrikt i pressemeldinga.

Gode sjansar for sikre svar

Politiet jobbar utifrå fleire hypotesar, men opplyser at dei ikkje har grunn til å tru at det har skjedd noko straffbart. Funna er sende inn for kriminaltekniske undersøkingar, og politiet seier dei vil koma attende med meir informasjon når resultata derifrå er klare.

Etter å ha snakka med ekspertar på området, trur lensmannen i Sogn sjansane er gode for å få sikre svar på om det er Christer som er funnen.

Om det blir punktum for saka, eller om ho skal etterforskast vidare, er enno ikkje avgjort.

– Det er litt vanskeleg å svara på no. Først må me få svar på undersøkingane, så må me sjå kvar vegen går vidare, seier Straumstein.

Lang ferd mot oppklaring

Politiet avslutta første gong etterforskinga september 2016, men tok saka opp på nytt hausten 2017, og avhøyrte mellom anna fleire vitne.

SAKNA: Christer Fretheim Flem gjekk langs ein skogsveg på Haukåsen i nærleiken av Sogndal lufthamn då han forsvann. Foto: Privat

Hausten 2018 ba politiet i Sogndal om taktisk hjelp frå Cold Case-gruppa til Kripos, ei eining som har ansvar for alvorlege og uoppklara saker. Målet var å finna ut om det var sjansar for oppklaring basert på det politiet visste.

Kripos gav råd om nye steg i etterforskinga, mellom anna å undersøka elektroniske spor frå telefonar og betalingskort tilknytte den sakna.

Heller ikkje dette førte til gjennombrot, og våren 2019 gav politiet opp å finna svar.

I 2018 fekk helseføretaket Melås AS ei bot på 600.000 kroner fordi dei ikkje hadde betre rutinar for å passa på Christer.

Til toppen