DØRSELJARAR: Ti noko pågåande dørseljarar i Årdal og Lærdal vart tysdag kveld vist vekk av politiet.
DØRSELJARAR: Ti noko pågåande dørseljarar i Årdal og Lærdal vart tysdag kveld vist vekk av politiet.

Politiet viste vekk dørseljarar

Ti aust-europearar blei vist vekk i Årdal og Lærdal.

Årdal/Lærdal: Det var i tysdag kveld politiet fekk melding om nokre pågåande dørseljarar både i Øvre Årdal og på Årdalstangen, samt i Lærdal. 

Dørseljarane var ti i talet og kunne vera noko pågåande. Politiet tok seg difor ein runde for å sjå etter dei.

Dei ti, som alle var aust-europearar, blei henta inn for ID-kontroll og seinare vist vekk frå staden. 

 

 

Til toppen