SKEPTISKE: Eit stort fleirtal av politifolka i landet tvilar på at politireforma til regjeringa vil gi eit betre politi, ifølgje ei stor undersøking.​ Foto: Halvor Farsund Storvik.
SKEPTISKE: Eit stort fleirtal av politifolka i landet tvilar på at politireforma til regjeringa vil gi eit betre politi, ifølgje ei stor undersøking.​ Foto: Halvor Farsund Storvik.

Politifolk flest tvilar på politireforma

Eit stort fleirtal av politifolka i landet tvilar på at politireforma til regjeringa vil gi eit betre politi, ifølgje ei stor undersøking.

Indre Sogn: Det store fleirtalet trur ikkje politiet vil komme raskare fram eller nærmare publikum etter at den såkalla nærpolitireforma er gjennomført, og har svært liten tillit til Politidirektoratets gjennomføring av reforma. Det skriv Politiforum , som har gjort den omfattande undersøkinga blant alle 6.000 medlemmer i Politiets Fellesforbund.

* 56,5 prosent er ueinige i at reforma vil gjere politiet betre til å førebyggje og kjempe imot kriminalitet.

* Berre 3,9 prosent trur at reforma vil sikre større lokal politinærvær.

* 25,6 prosent er ueinig i at reforma vil skape robuste fagmiljø og gi tilfredsstillande beredskap rundt i landet. 19,7 prosent er einige, mens 54,7 prosent er usikre.

Justisminister Per-Willy Amundsen (Frp) trur politifolk som er negative i dag, vil endre meining med tid og stunder, når dei får sjå og oppleve resultatet av reforma.

Den vil blant anna medføre nedlegging av 130 lensmannskontor og politistasjonar og har ført til at talet på politidistrikt er redusert frå 27 til 12. Han viser til at både politianalysen og erfaringane etter 22. juli viste at det var nødvendig med omfattande reformer i og modernisering av politietaten

– Det er utfordrande å stå i ein reformprosess, som politifolk gjer no. Men etter kvart som vi rullar ut resultatet av reforma og dei tilsette ser innhaldet og kvalitetsauken, som trass alt er det viktigaste, så trur eg også dei tilsette vil sjå nødvendigheita av reforma og at den vil gi gode resultat, seier Amundsen til NRK.

(©NPK)

Til toppen