PINSEHELGA: Det har vore ei roleg pinsehelg i regionen.
PINSEHELGA: Det har vore ei roleg pinsehelg i regionen. (Foto: Arkiv)

Politihelga: Trafikkuhell og steinras

Det har vore to festivalar i helga, men politiet har ikkje fått meldingar om ordensforstyrrelsar eller slåsskampar.

Indre Sogn: Trass i at det har vore både Fjord til Fjell i Årdal og Gamalostfestivalen i Vik, har det vore ei roleg helg for politiet i Sogn. 

– Sjølv om det har vore litt festivalar rundtom, så er det svært gledeleg at det har vore roleg i pinsa, seier tenestestadsleiar ved Årdal lensmannskontor Magne Knudsen.

Trafikkuhell og ras

STENGD VEG: Raset mellom Aulandsvangen og Skjerdal stengde vegen eit par timar på laurdag. Foto: Aleksander Skjerdal

Luster: Klokka 12.38 var det eit mindre trafikkuhell mellom ein bilist og to syklistar på Havhella retning Skjolden. Det er ikkje meldt om personskader. 

Aurland: Klokka 09.48 laurdag morgon gjekk det eit mindre steinras på Fv. 242, på strekninga mellom Aurlandsvangen og Skjerdal. Vegen var stengd eit par timar, men vart rydda og opna igjen seinare på dagen. Det er ikkje meld om materielle skader eller personskader. 

Lærdal: Natt til mandag hadde politiet ruskontroll på Fodnes. Av 29 kontrollerte førarar, var det ikkje meld om nokon rekasjonar på kontrollen. 

Til toppen