SETTE KAFFIEN I HALSEN: Eit mogleg sykkelforbod på Kaupangerskogen kom overraskande på politikarane i Sogndal. Høgrepolitikar Gunnhild Bøyum (innfelt) er opprørt over forslaget og meiner det berre er flott at folk brukar naturen. Foto: Vegard Voll Bøyum/Halvor Farsund Storvik.
SETTE KAFFIEN I HALSEN: Eit mogleg sykkelforbod på Kaupangerskogen kom overraskande på politikarane i Sogndal. Høgrepolitikar Gunnhild Bøyum (innfelt) er opprørt over forslaget og meiner det berre er flott at folk brukar naturen. Foto: Vegard Voll Bøyum/Halvor Farsund Storvik.

Politikar om mogleg sykkelforbod: – Eg sette kaffien i halsen

Forslaget om å forby stisykling på Kaupangerskogen møter motbør.

Kaupanger: To planlagde naturreservat på Kaupanger kan stikke kjeppar i hjulet på stisyklistane. No kastar politikarane seg inn i debatten.

– Eg sette kaffien i halsen, seier Gunnhild Bøyum (H) om reaksjonen då las om det moglege sykkelforbodet i Porten.no sist søndag.

Les også: Naturreservat kan stikke kjeppar i hjula for stisyklistane

– Eg ser ikkje at syklistane er noko problem

Under kommunestyremøtet torsdag tok Bøyum til orde for at kommunen må gje eit høyringssvar. 

Fylkesmannen har sendt framlegget om oppretting av naturreservata ut på høyring, med frist til 22. juni. Dagen før skal det vere ei synfaring i området.

– Eg er opprørd over at vi har grunneigarar som ønskjer å stenge for friluftslivet til folk, seier Bøym.

Les også: Ski og sykkel trekkjer folk til Sogndal

Ho er klar over at det er Fylkesmannen som har utarbeida forslaget til verneforskriftene, som mellom anna forbyr motorisert ferdsel, ridning og sykling utanom regulerte vegar i området.

Men Bøyum reagerer på motivasjonen til det frivillige vernet, som ho oppfattar er å stenge syklistar ute.

– Eg går veldig mykje i skogen og på fjellet på Kaupanger og eg ser ikkje at syklistane er noko problem. Eg tykkjer det er fantastisk å sjå alle studentane og andre som syklar og brukar naturen på Kaupanger, seier ho og legg til at ho forutset at syklistane oppfører seg skikkeleg.

Grunneigar Nils Joachim Knagenhjelm seier motivasjonen hans ikkje har vore å stoppe syklistar, men å ta vare dei unike naturkvalitetane som er i området. 

–  Så blir spørsmålet kva aktivitetar som er forenlige med eit slikt vern. Det er ikkje opp til meg å bestemme, det er det Fylkesmannen som set grenser for, seier han

– Sogndal kommune burde vere stolte over at dei har område med nasjonal verneverdi. Det er ikkje mange område i Norge som får så høg score, seier han.

 

SKEPTISK: Kjetil Kvåle (Ap) liker ikkje tanken på å skrenke inn allemannretten.
SKEPTISK: Kjetil Kvåle (Ap) liker ikkje tanken på å skrenke inn allemannretten.

Meiner politikarane burde ha blitt orienterte

Kjetil Kvåle (Ap) tykkjer det er uheldig at fredingsforslaget har gått under radaren på politikarane til no.

– Allemannsretten bør gjelde, der som alle andre plassar. Viss motivet for å lage naturreservat er å stenge ute ei gruppe, så eg er eg svært skeptisk til det, seier han.

Han meiner politikarane i formannskapet burde ha blitt orientert om at kommunen er i ferd med å lage ei høyringsuttale, eit faktum som kom fram under møtet torsdag.

– Då hadde administrasjonen fått litt kjensle med kva politikarane meiner, seier Kvåle.

Les også: No vil skisentera i Sogn satse på stisykling

Rådmann Jostein Aanestad seier hovudessensen i høyringsuttalen dei jobbar med er at at frivillig vern er i utgangspunktet ei god ordning, men at det er ei viktig forutsetning at ålmenta får sikra tilgang til friområda.

– Den avgrensinga som ligg inne når det gjeld bruk av sykkel og ridning i dette området, vil nok kommunen ha ei tydeleg merknad til, seier han.

Til toppen