DOBLAR TILSKOTET: Politikarane i Årdal ønskjer å doble tilskotet til Målrock frå 100.000 kroner til 200.000 kroner. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
DOBLAR TILSKOTET: Politikarane i Årdal ønskjer å doble tilskotet til Målrock frå 100.000 kroner til 200.000 kroner. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Politikarane doblar tilskotet til Målrock

– Det syner at dei tek satsinga til Målrock på ansvar, seier festivalsjefen.

Årdal: Tilrådinga frå rådmann var at Årdal kommune skulle gi 100.000 kroner i tilskot til årets festival,

– Årsaka til det er at me må vurdere alt som skjer rundt oss. Det er ein voldsom aktivitet, der me allereie har hatt nokre jubileum, og fleire vil det kome fordi dette samfunnet oppstod stort sett det same året etter krigen. Det vil kome ei voldsom bølgje, og då må rådmann tenkje seg om når det gjeld fordelinga av pengane. Målrock er i tillegg kommersielt og kan tene pengar, forklarte Olve Fossedal.

Men politikarane var samde om at det ville doble summen.

– Dette er den viktigaste hendinga i Årdal i løpet av eit år. Målrock er ein festival som inviterer til samhald, frivillig arbeid, glede og trivsel. Eg meiner Målrock er blitt ein del av identiteten til årdølene. Difor vil me auke tilskotet til 200.000 kroner, sa Marie Helene Hollevik Brandsdal (Ap).

SKAPAR AKTIVITET: Erling Offerdal (Sp) meiner Målrock er meir enn musikk for Årdal. 
SKAPAR AKTIVITET: Erling Offerdal (Sp) meiner Målrock er meir enn musikk for Årdal. 

Styrkar kulturfeltet

Det forslaget slengte både Senterpartiet og Miljøpartiet Dei Grøne seg med på. 

– Målrock er ikkje berre musikk, men skapar også mykje aktivitet for både idrettslag og mange andre. Dei gjer ein fantastisk jobb, og festivalen er også viktig for næringslivet i bygda den helga, sa Erling Offerdal (Sp).

– Dette syner at det er tydeleg at me ønskjer å styrka kulturfeltet i bygda, la Sandra Opheim (MDG) til.

Økonomisk smell i fjor

Dette er bokstaveleg tala musikk i øyro til festivalsjef Thomas Norheim Moen, som også sit i formannskapet, men som måtte ta plass bak i salen under handsaminga av salen.

GLAD FOR STØTTE: Thomas Norheim Moen er glad for all økonomisk støtte dei kan få. 
GLAD FOR STØTTE: Thomas Norheim Moen er glad for all økonomisk støtte dei kan få. 

– Det syner at dei tek satsinga til Målrock på alvor. Me treng alle pengane me kan få. Me er ein organisasjon som omtrent berre har utgifter. Billettinntektene vert nytta til nettopp å dekke utgiftene, som er ganske store med scener og produksjon, fortel han. 

I fjor gjekk festivalen på ein økonomisk smell då dei hadde 700 færre besøkande fredag kveld mot det som var budsjettert. Mange faktorar spelar inn, mellom anna vêret. Trass denne smellen, får det ikkje konsekvensar for årets festival.

– Utan at eg skal gå i detaljar på det, så har me fått med oss ein samarbeidspartnar i Årdal Kjemiske Fagforeningen som legg sitt 70-årsjubileum til torsdagen. Det er ein viktig bidragsytar og gjer sitt til at me kan oppretthalde det nivået me har lagt oss på. 

Til toppen