Aurland: Prosjekt Møteplassen er ein plan for korleis sentrum på Aurlandsvangen kan utviklast. Målet er å gjere området langs sjøen attraktivt for innbyggarar, næringsliv og besøkande.
Idèen vart lansert av rådmann Frank Westad, medan arkitekt Gøran Johansen er hyra til jobben som prosjektleiar. Kommunestyrepolitikarane sa før helga at dette er noko dei ønskjer å støtte opp under.
Les også: Her ønskjer han å skape ein møteplass

Liknande planar har dukka opp før. Ordføraren trur nøkkelen for å lukkast denne gongen er å finne dei rette investorane og at dei lokale kreftene blir med på laget.
– Det har lenge vore eit ønskje om å venda området mot fjorden, no er det nye moglegheiter til det. Utfordringa er å få med investorar som ser moglegheiter til å tene pengar på det og at grunneigarane og bedriftene i området får ei aktiv rolle, seier Noralv Distad.
Han minner om at Aurlandsvangen historisk har vore ein aktiv tettstad i Aurland. Men då det kom betre kommunikasjonar til Voss og Lærdal forsvann mange av butikkane som var retta mot lokalbefolkninga.
– Difor må me no komme opp med tilbod som er attraktive for regionen og turistar. Det føler eg mange bedrifter har lukkast med, og den utviklinga håper eg dette prosjektet kan vere med å forsterke, seier Distad.