FÅ SVAR: Den første presentasjonen av rapporten i midten av oktober gav få svar, utanom generelle konklusjonar om at kommunen hadde skubba problema framfor seg.
FÅ SVAR: Den første presentasjonen av rapporten i midten av oktober gav få svar, utanom generelle konklusjonar om at kommunen hadde skubba problema framfor seg. (Bilde: Halvor Farsund Storvik)

Politikarane får ikkje lov til å lesa granskingsrapporten dei sjølve bestilte

Kommunestyret i Sogndal bestilte ekstern gransking av Sogn barnevern etter årevis med konfliktar i organisasjonen. No blir dei nekta innsyn i den ferdige rapporten.

Sogndal: Rapporten var bestilt av politikarane i kommunestyret i februar. Endeleg skulle dei koma til botn i dei mangeårige konfliktane i Sogn barnevern. Alle korta skulle på bordet

Den eksterne granskinga tok til i april, vart avslutta i oktober og har kosta kommunen 1,2 millionar kroner. Til no har berre ordføraren i rådmannen fått lese rapporten, i påvente av ei juridisk vurdering av innhaldet.

I går kom avgjerda. Rapporten er hemmeleg.

– Det er ganske spesielt at me som har bestilt rapporten blir nekta innsyn, seier Christen Knagenhjelm (V), kommunestyrerepresentant i Sogndal, som elles ikkje vil uttala seg på dette tidspunktet i saka.

Ordføraren fekk juridisk råd frå KS-advokat

Avslaget er underteikna ordførar Jarle Aarvoll og send til kommunestyret i Sogndal, med kopi til ordførarane i medlemskommunane Leikanger, Balestrand og Luster:

– Det vert gjeve avslag på innsyn i rapporten. Dette gjeld rapporten i sin heilskap. Kommunen har vurdert regelen om meirinnsyn, men ikkje funne grunnlag for det, står det i brevet.

Vedtaket er skrive av KS-advokat Frode Lauareid, som fekk i oppdrag å vurdera kva delar av rapporten som kan gjerast offentlege. Konklusjonen vart altså fullt hemmeleghald.

– Dette er i hovudsak fordi rapporten inneheld opplysningar om helsetilstanden til tilsette og at desse opplysningane kan knytast til namngjevne personar, skriv han i ein e-post til ordføraren.

Frp-politikar sjokkert av innsynsnekt

I same e-posten har KS-advokaten lagt ved eit forslag til korleis eit avslag på innsynskrav kan formulerast. Eit likelydande avslag dumpa i den digitale postkassa til både politikarar og fleire media i går.

Til NRK seier Rita Navarsete (Frp) at ho er sjokkert over å bli nekta innsyn i rapporten.

– Eg forventa at vi skulle få lesa den med namna på dei involverte sladda. Men at den vert halden hemmeleg for oss, det såg eg ikkje koma. Eg trudde openheit var viktig her, seier ho.

Varaordførar Laura Kvamme (Sp) meiner derimot grunngjevinga om å nekta innsyn er fornuftig, fordi rapporten inneheld mange sensitive opplysningar.

– Eg ser fram til å få ei tilråding og konklusjon frå kontrollutvalet, seier Kvamme til NRK.

Til toppen