Sogndal: Før nyttår la studentsamskipnaden i Sogn og Fjordane fram konkrete planar om å byggje nytt studenthus på Campus. Argumentet var at Meieriet har gått ut på dato og at studentane treng meir plass.
Sidan har studentorganisasjonane på Vestlandet slått seg saman, akkurat som høgskulane, og i tillegg har skeptikarane til flytteplanane blitt stadig meir høgrøysta.
Les også: Her kjem det nye studenthuset i Sogndal
Les også: Dei meiner studenthuset bør vere i sentrum
Også i kommunestyret kom det fram forskjellige syn på kva plasseringa bør vere, men til slutt vart det semje om å halde alternativa opne.
– Det er ikkje konkludert i denne saka. Det handlar om å leggje til rette for fleire alternativ som samskipnaden kan få å velje mellom, oppsummerte Ole-Mathias Nes (Sp).
Vedtaket om å godta detaljreguleringa av studenthus i Guridalen vart støtta av eit samrøystes kommunestyre, etter at venstre sitt forslag om utsetting ikkje gjekk gjennom.