Aurland: Bassenget i Aurland idrettshus skrik etter ei ordentleg oppgradering. På gårsdagens kommunestyremøte gav politikarane tommelen opp til det dyraste alternativet til 43 millionar kroner.
Det vil omfatte eit heilt nytt symjebasseng, garderobeanlegg og terapibasseng.
– Det er eg kjempeglad for. No har vi fått på plass ei skikkeleg god løysing, seier ordførar Noralv Distad.
Les også: Her jaktar store og små tidelar i bassenget
Spaninga før møtet var om kommunestyret heller ville gå for ein 11 millionar kronar billigare variant utan terapibassenget. Det var aldri snakk om, tilrådinga til rådmannen vart banka gjennom utan noko form for ordskifte.
– Det er veldig bra å få på plass eit terapibad. Det har vore sakna sidan det me hadde i Flåm vart stengt. No får me både god symjeopplæring, god trim og eit godt tilbod innanfor helse. Det er verkeleg ei gladsak, seier ordføraren.