Årdal: Det stadfestar rektor Henny Midtun til Porten.no. Skulen har søkt mellom anna Årdal kommune om midlar for å kunne tilby eit slikt fag. No er dei nesten i mål.
– Me kan starta opp med å tilby faget no til hausten, så ventar me på nokre av idrettslaga som skulle ta det opp i sine styre, men det vert jobba med saka, og så tek me det år for år, seier Midtun.
– Viktig for skulen
150.000 kroner måtte til for at skulen kunne tilby faget breiddeidrett til elevar ved førsteåret studiespesialiserande. Tysdag sa formannskapet i Årdal ja til å bidra med 50.000 kroner.
– Dette er ei god sak for Årdal og viktig for den vidaregåande skulen, sa Anne Kauppi (Ap), som understreka at dette breiddeidrett, ikkje berre fotball.
– Eg har lest læreplanen. Elevane som tek dette faget må fordjupa seg i ein lagidrett og individuell idrett. Det unike skulen og idrettslaga her har fått til, er at ved å samarbeida så kan nokre av timane foregå på kveldstid også slik at skuledagen ikkje blir så lang.
Fysisk aktivitet bra for læring
I første omgang er det elevar ved førsteåret studiespesialiserande som får dette tilbodet. Desse får då auka timetalet sitt i veka med fem timar. No håpar ein at skulen skal klare å lokke til seg fleire elevar frå nabobygdene.
– Dette er viktig for at me skal behalde skulen i framtida også, og ikkje minst viktig å selja ut til nabobygdene som ikkje har vidaregåande skule, la Kauppi til.
– Unge i dag er meir opptekne av trening, og me dette tilbodet får dei lagt til rette for dette i skulekvardagen. Fysisk aktivitet fører også til betre læring, så dette kan vera eit godt val for mange, meinte Sandra Opheim (MDG).