I TVIL: Sigmund Solvoll (Ap) (i midten) ville at Årdal Energi skulle halda fram som kommunalt føretak. Til slutt føydde han seg til fleirtalet.
I TVIL: Sigmund Solvoll (Ap) (i midten) ville at Årdal Energi skulle halda fram som kommunalt føretak. Til slutt føydde han seg til fleirtalet. (Foto: Snorre Sandemose/arkiv)

Politikarane har bestemt – Årdal Energi skal ikkje lenger vera kommunalt føretak

For enkelte av representantane i kommunestyret sat den avgjerda ekstra langt inne.

Årdal: Kommunestyret i Årdal vedtok torsdag å gjera det kommunale selskapet Årdal Energi om til eit aksjeselskap i ein konsern-modell.

Sigmund Solvoll (Ap) var på nippet til å stemma nei, men føydde seg etter fleirtalet til slutt

– Når alle andre gjekk inn for det, så fekk det berre bli slik, seier Solvoll.

– Som kraftsosialist får denne saka meg til å «grina blod». Eg er imot dette og ville hatt KF-modellen med vidare, men eg legg godviljen til å tru at styret i Årdal Energi har gjort det dei kan og meiner er best, seier Hilmar Høl.

Fryktar ikkje for politisk kontroll med krafta

Bakgrunnen for omorganiseringa er at Stortinget har forlanga ei todeling av selskapa i kraftbransjen. Den delen som går på sal av straum, og det som har med drift av nettet å gjera, må skiljast ut i to ulike selskap.

I Årdal vedtok politikarane at Årdal Energi AS skal selja straum, medan Kraftlaget AS skal drifta nettet. Det overordna selskapet blir Årdal Energi Holding. Eigarskapen er den same, det vil seia at kommunen framleis har hand om alle aksjane.

Likevel var Solvoll veldig i tvil om han kunne gå med på endringa.

– Det står i partiprogrammet vårt at Årdal Energi skal vera eit kommunalt føretak, og sørva billeg straum til bygdefolket. Men no skal jo ikkje dette i drift før i 2020, og det skal lagast eit nytt program før den tid, så ein kan ikkje henga seg for mykje opp i det heller, seier han.

Styret i Årdal Energi hadde einstemmig gått for å tilrå konsern-modellen. 

Ny konkurransesituasjon

Solvoll er ikkje redd for at politikarane skal mista litt av styringa når Årdal Energi blir eit aksjeselskap, til dømes over kva som skjer med overskot og utbytte.

– Uansett er selskapet heilt kommunalt eigd. Generalforsamlinga i holdingselskapet blir kommunestyret, og representantar frå kommunestyret vil utgjera styra i selskapa òg. På den måten har me bukta og begge endane, seier Solvoll.

Solvoll er heller ikkje uroa for dei rundt tjue arbeidsplassane. 

– Så lenge selskapet består trur eg arbeidsplassane vil vera der. Men ein veit ikkje kva som vil skje i framtida, om det vil skje samanslåingar eller slike ting. Så langt inn i glasskula ser ikkje eg, seier Solvoll.

Det betyr derimot ikkje at alt blir som før. Til no er det Årdal Energi som har fått konsesjonskrafta til kommunen og selt ho vidare til kundane. Men frå 2020 kan kommunen i teorien selga til høgstbydande.

– På same måte blir det opp til energiverket å kjøpa der dei tykkjer dei får best pris, seier Solvoll.

Til toppen