Sogndal: Med ein prislapp på 300 millionar kroner er det nye helse- og omsorgssenteret den største investeringa til kommunen nokosinne. I dag skulle politikarane sette namn på vidunderet.
Det vart ei øving i kategorien «att og fram er like langt». For etter å vurdert dei tjueto forslaga som kom inn i namnekonkurransen (sjå faktaboks), bestemte formannskapet seg for å halde på namnet som har blitt brukt til no.

Les også: Det nye helse- og omsorgssenteret byrjar å ta form
Varaordførar Laura Kvamme var den som kjempa hardast for å finne eit alternativ.
– Det må vere noko som er enkelt å seie. Sogndal helse- og omsorgssenter kjem vi ikkje til å seie så veldig mange gonger, sa ho og la til at ho ikkje tykkjer forkortinga SHOS kling særleg betre.
Varaordføraren føreslo namnet Sogndal helsetun, men fekk liten respons hos resten av politikarane i formannskapet.
– Vi må ha eit namn som seier at det er noko meir enn berre ein aldersheim. Det er viktig for sjukepleiarar når dei søker jobb, sa Kjetil Kvåle, ein av fleire som var oppteken av at det nye namnet må fenge framtidige jobbsøkarar.
Diskusjon gjekk enno nokre rundar fram og tilbake før politikarane, utan den heilt store entusiasmen, enda på at namnet blir Sogndal helse- og omsorgssenter.