VENSKAP: Annike Vanberg (SV) og resten av formannskapet i Lærdal er positive til å halde fram venskapet med Jeriko, men då må dei finne pengar.
VENSKAP: Annike Vanberg (SV) og resten av formannskapet i Lærdal er positive til å halde fram venskapet med Jeriko, men då må dei finne pengar. (Bilde: Truls Grane Sylvarnes)

Politikarane har lyst til å halde fram med Jeriko-venskapet

I haust er det 20 år sidan det spesielle venskapet mellom Lærdal og Jeriko starta.

Lærdal: No er spørsmålet om venskapet skal halde fram. Det har iallfall dei folkevalde i formannskapet i Lærdal lyst til, men då må det setjast av pengar.

Etter at statsstøtta fall bort frå ordninga er det kommunen sjølv som må dekka kostnader ved reiser eller når dei får besøk. Styret i Venskap Jeriko-Lærdal seier dei er fullt klar over den stramme kommuneøkonomien, men meiner det er så lite som skal til å utløyse den store frivillige innsatsen som vert lagt ned.

– Det er når me får besøk eller skal på besøk at me har utgifter. Spørsmålet er om dette er noko me vil halde fram med, og i så fall vil det kosta pengar, sa Jan Geir Solheim (Sp) då formannskapet drøfta saka. Ordføraren er sjølv ein del av styret i Venskap Jeriko-Lærdal.

Treng pengar

Det var samtlege samde om. Frå alle partia var det tommel opp til at dette er eit samarbeid dei ønskjer å halde fram med.

– Kanskje me kan prøva å få endå meir ut av det enn me har gjort til no for alle i Lærdal, skaut Annike Vanberg (SV) inn.

I møtet var det ingen som hadde ei løysing på kor pengane skulle hentast frå. Ikkje at det hastar så fælt. Årets tur til Jeriko går i starten av november. Målet er å løyve nok pengar til at nokre tilsette i kommunen kan vera med og at to av eldsjelene i venskapsarbeidet, Anna Avdem og Lasse Sælthun, får dekka nokre av reiseutgiftene.

– Men eg kan sjå spørsmåla koma om kvifor me skal bruka pengar på dette og ikkje alt som er gale i Lærdal. Men det er ikkje poenget med dette. Dette gir noko tilbake til oss og er ein merkelapp me har hatt i 20 år. Me må finna nokre ressursar til å gjera dette slik at me slepp å gå inn i budsjetta. Det er ein viktig signaleffekt, sa rådmann Alf Olsen jr. 

22 besøk

Vennskapsavtalen opnar for samarbeid på mange område. Gjennom dei 20 åra er det kontakten mellom menneska i dei to kommunane som har vore viktigast.

Kultursamarbeid som musikk og dans, husflid og handarbeid har vore viktig, og i dei siste åra har ein lagt særleg vekt på skulesamarbeid.

Det har vore gjennomført 22 besøk mellom Jeriko og Lærdal, om lag like mange kvar veg. Vel 150 lærdøler og andre sogningar har vore i Jeriko, og vel 50 jerikanarar har vore i Lærdal.

Til toppen