OPNAR TIL SOMMAREN: Politikarane i Årdal ønskjer likevel at friluftsbassenget på Årdalstangen vert opna til sommaren. Rådmannen kan ikkje garantera at dei vil rekka å reparera det i tide. Arkivfoto: Ina Eirin Eliassen.
OPNAR TIL SOMMAREN: Politikarane i Årdal ønskjer likevel at friluftsbassenget på Årdalstangen vert opna til sommaren. Rådmannen kan ikkje garantera at dei vil rekka å reparera det i tide. Arkivfoto: Ina Eirin Eliassen. (Foto: Ina Eirin Eliassen/arkiv)

Politikarane i Årdal snudde i bassengsaka

Det blir vatn i friluftsbassenget på Årdalstangen, viss tida strekker til for å reparera det.

Årdal: I mars bestemte kommunestyret i Årdal med èi stemmes overvekt at friluftsbassenget på Årdalstangen ikkje skal opnast i sommar.

I dagens møte snudde politikarane, etter at Knut Arne Klingenberg (H) hadde fått gjennomslag for å ta saka opp på nytt. Det skriv Sogn Avis i dag.

– Eg er veldig godt nøgd, men eg håpar mest av alt at folk er nøgde, seier Klingenberg til avisa.

Forslaget om å finansiera opninga ved å ta frå disposisjonsfondet vart vedteke av eit fleirtal på femten mot fem stemmer. 

Rådmann Olve Fossedal lova i møtet at administrasjonen skal gjera det dei kan for at det blir vatn i bassenget til sommaren, men kan ikkje garantera at dei vil rekka det, skriv Sogn Avis.

Til toppen