FLEIRE FLYKTNINGAR: Sandra Opheim (MDG) og resten av formannskapet i Årdal er innstilte på å ta imot 15 flyktningar i 2017 sjølv om administrasjonen meiner det er nok med dei tolv som kjem gjennom familiesameining. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
FLEIRE FLYKTNINGAR: Sandra Opheim (MDG) og resten av formannskapet i Årdal er innstilte på å ta imot 15 flyktningar i 2017 sjølv om administrasjonen meiner det er nok med dei tolv som kjem gjennom familiesameining. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Politikarane i Årdal vil busetta 15 flyktningar dette året

Men allereie i dag har kommunen utfordringar med å skaffa nok praksisplassar. 

Årdal: Årdal kommune er bedne om å ta imot 15 flyktningar av IMDI i 2017. Det ønsket er politikarane i formannskapet innstilte på innfri, men situasjonen slik han er i dag syner at det kan bli ei utfordring. 

Alle flyktningar har nemleg rett og plikt til å delta på eit introduksjonsprogram som kommunen skal tilby. Dette pågår fem dagar i veka – tre dagar med vaksenopplæring og to dagar med arbeidspraksis. Det er på det siste punktet kommunen har utfordringar.

UTFORDRANDE: Rigmor Svanberg seier det allereie i dag er utfordrande for kommunen å skaffe nok praksisplassar til busette flyktningar. 
UTFORDRANDE: Rigmor Svanberg seier det allereie i dag er utfordrande for kommunen å skaffe nok praksisplassar til busette flyktningar. 

– Det er grunnleggande at flyktningane får språkpraksis ute i den verkelege verda – at dei er tilknytt ein arbeidsplass der dei må snakka norsk. Er ikkje språket på plass, stiller dei lengre bak i køen når det gjeld arbeid, fortel Rigmor Svanberg, kommunalsjef for helse.

Mange utan praksisplass

I dag er det elleve flyktningar som har ein slik praksisplass, men nesten like mange, ti, har ikkje tilbod om det. Difor var tilrådinga frå administrasjonen at ein berre skal ta imot dei tolv personane ein veit vil koma gjennom familiesameining i 2017, men dei folkevalde meinte det var for defensivt.

– Ap meiner me er litt for forsiktige. Me er sikre på at Årdal er ein god kommune å busetja og integrera flyktningar i. Difor meiner me at me skal busetja dei 15 flyktningane, sa Anne Kauppi (Ap) i formannskapet tysdag, noko både Miljøpartiet Dei Grøne og Senterpartiet stilte seg bak.

– Sjølvsagt er det vanskeleg å integrera flyktningar. Det tek tid, men det er ingenting som tyder på at me ikkje er budde på det i Årdal. Flyktningtenesta er styrka, og det er laga ein god plan for korleis integreringa skal foregå, sa Sandra Opheim (MDG), som kom med forslaget om at dei 15 måtte koma i tillegg til dei tolv.

Kommunen sitt ansvar

Det trass i at rådmannen meinte det ikkje vil vere økonomisk berekraftig i framtida. Nettopp mangelen på praksisplassar skapar ei utfordring, seier Svanberg.

– Å kunne norsk handlar også om å tilhøyre eit miljø der ein treff andre slik at ein rett og slett kan fungere i samfunnet. Dei fleste vil jo det, men då må dei få moglegheit til å praktisere språket, meiner ho.

– At ein kjem seg ut i arbeid er viktig både for flyktningane og kommunen. Folk skal vere sjølvforsørgande, eige eigen bustad og klare seg sjølv. Då må ein ha arbeid, og det er vårt ansvar å kvalifisere dei til det. 

Mangel på ufaglærte stillingar

Difor var ein del av tilrådinga også at ein påla alle tenesteområde i kommunen om å leggje til rette for slike praksisplassar, men her vart det ein diskusjon blant politikarane om ein skulle mjukne opp litt.

Les også: Her opnar han vaksenopplæringa i Lærdal

– Til no har me ikkje pålagt tenesteområda våre om å ta i mot flyktningar i praksisplass, men me ser at kommunen som stor arbeidsplass må ta større ansvar, og me håpar også at næringslivet vil vere med oss på det.

FÅ UFAGLÆRTE STILLINGAR: Mette Berg ved NAV Årdal seier arbeidsmarknaden i kommunen er god, men at mangel på ufaglærte stillingar gjer det vanskeleg å få busette flyktningar ut i ordinært arbeidsliv.
FÅ UFAGLÆRTE STILLINGAR: Mette Berg ved NAV Årdal seier arbeidsmarknaden i kommunen er god, men at mangel på ufaglærte stillingar gjer det vanskeleg å få busette flyktningar ut i ordinært arbeidsliv.

På arbeidsmarknaden ser ting bra ut for Årdals del. Det er mange ledige stillingar å velje mellom, men mange av desse jobbane set krav til kompetanse.

– Me har ein god og velfungerande arbeidsmarknad, men det er ei utfordring å få dei busette flyktningane i kommunen ut i ordinært arbeid fordi det er mangel på ufaglærte stillingar her. Me håpar me skal få næringslivet til å kvalifisere dei busette flyktningane, seier Mette Berg, leiar ved NAV Årdal. 

Til toppen