Gulen: Debatten om symjebasseng i Gulen kom opp att på nytt då kommunestyret skulle handsame rulleringa av kommunal plan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv. Saka har vore oppe i kommunen med jamne mellomrom sidan 1999 utan at det har komme noko symjebasseng enno.

Politikarane i Gulen ber om tre tydelege bassengalternativ
Politikarane i Gulen meiner dei må få tal og all informasjon på bordet for tre alternativ til symjebasseng før dei kan ta stilling til saka, men dei er ikkje samde om kva som vil vere rett dimensjon på bassenget.