POLITISK UTLUFTING: Kommunestyret i Sogndal starta dagens møte med å diskutera det betente samarbeidsklimaet i politikken. Knut Henning Grepstad tok rolla som meklar.
POLITISK UTLUFTING: Kommunestyret i Sogndal starta dagens møte med å diskutera det betente samarbeidsklimaet i politikken. Knut Henning Grepstad tok rolla som meklar. (Foto: Halvor Farsund Storvik )

Politikarane i Sogndal lufta ut om samarbeidsproblema

Eit forsøk på forsoning innleia dagens kommunestyremøte.

Sogndal: Politikarane i Sogndal innleia dagens kommunestyre med å diskutera årsakene til det dårlege samarbeidsklimaet, og korleis dei kan løysa dei.

Knut Henning Grepstad, pensjonist med 37 år bak seg i fylkesadministrasjonen, tok rolla som meklar. 

– Det er noko med måten å fungera på i Sogndal, som ikkje er heilt optimalt, sa han då han innleia terapitimen.

Han registrerte at bråket rundt barnevernet låg som eit bakteppe for dei politiske gnisningane, men lurte på om det berre var symptom på eit problem som stakk djupare.

TOK MEKLARROLLA: Knut Henning Grepstad orienterte om kva som er god folkeskikk i politikken, og leia terapitimen som følgde. Foto:  Halvor Farsund Storvik

– Eg har ikkje tenkt å gå inn i kvifor de er ueinige i Sogndal, men minna dykk på kva spelereglar som bør gjelda for å fungera i eit kommunestyre, eller i eit folkevald organ, sa han.

Rådmannen ønskte kritiske spørsmål velkomen

Arne Glenn Flåten (H) meinte samarbeidsproblema mellom politikarane er overdrive.

– Den einaste endringa eg kan sjå, er at me i opposisjonen går litt meir i takt enn tidlegare, sa Flåten.

Han meinte det måtte vera mogleg for politikarar å seia klart frå når dei meiner noko er feil, utan å bli oppfatta som kranglete. Han viste til bråket som oppstod då opposisjonen i februar stilte spørsmål ved om dei har fått rett informasjon frå rådmannen.

– Eg tykkjer det har blitt eit dårleg klima. For viss du stiller dei kritiske spørsmåla, så blir du uglesett, følgte Rita Navarsete (Frp) opp. 

Rådmannen tok ordet.

– Alle spørsmål er lov å stilla og ønskelege å få. På vegner av administrasjonen ønskjer eg sjølvsagt at politiske organ skal vera best mogleg og korrekt opplyst, sa Jostein Aanestad.

Kvamme: – Spør ikkje for å få svar

Einar Vatlestad (H) oppmoda politikarane om å vera meir rause, og ikkje tvila på motiva til meiningsmotstandarar.

– Me er alle folkevalde og ønskjer å finna løysingar til det beste for innbyggjarane, sa han.

– Me må tola at me er opne og ærlege, utan at me blir uvenner, sa Margrete Haug (KrF).

Laura Kvamme (Sp) tykte det har blitt for stort fokus på å stilla kritiske spørsmål. 

– Eg ønskjer at talarstolen i større grad blir brukt til å diskutera saker. Eg sit med ei kjensle av at ein ikkje spør for å få svar, men fordi det er ein måte å hevda noko på, sa ho.

Grepstad etterlyste vilje til dialog.

– Løysinga må vera at gruppeleiarane set seg ned med ordføraren i eit lukka rom og er dønn ærlege på kva som er feil. Det er berre ein veg fram, og det er at dei som er nøkkelpersonar set seg ned og snakkar i lag, sa han.

Grepstad oppmoda til samling

Arne Glenn Flåten kritiserte arbeidsformen til kommunestyret, der partia førebur seg til møta kvar for seg.

– Viss me hadde hatt gruppemøta våre samtidig og på same plassen, då kunne me ha fått ei anna samarbeidsform. Då kunne me ha sprunge inn til kvarandre og diskutert enkeltsaker på tvers av partia, sa han.

– Det synst eg de bør prøva. I fylketstinget, så gjer dei det slik, i tillegg til at dei har separate gruppemøte både før og etter. Men det løyser ikkje heile problemet, meinte han.

Han oppfordra politikarane til å legga dei negative opplevingane bak seg, og heller konsentrera seg om å stå samla i møte med det nye politiske landskapet som blir ein realitet om få år.

– Utfordringane dykkar blir småe, når de tenker på at Sogndal kommune snart skal kjempa tunge kampar for å posisjonera seg i eit nytt Vestland. Då må de vera trygge på samarbeidet internt, sa han.

Til toppen