OPEN VINTERVEG: Den private vegen til parkeringsplassen på Goro er stengt med bom og har ikkje blitt brøytt jamnleg dei to siste vintrane. No vil politikarane i Sogndal jobba for at vegen blir halden open for folk flest.
OPEN VINTERVEG: Den private vegen til parkeringsplassen på Goro er stengt med bom og har ikkje blitt brøytt jamnleg dei to siste vintrane. No vil politikarane i Sogndal jobba for at vegen blir halden open for folk flest. (Bilde: Halvor Farsund Storvik)

Politikarane i Sogndal seier ja til open veg til populært turområde i vinter

Ein langvarig vegstrid på Kaupanger fekk ei midlertidig løysing i formannskapet torsdag. No går det mot opning allereie til helga.

Kaupanger: Eit samla formannskap vart torsdag samde om at kommunen skal sørga for at vegen til parkeringa på Goro, eit populært utgangspunkt for eit mykje brukt turområde på Kaupanger, blir brøytt i helgane fram til påska.

Samstundes skal kommunen arbeida vidare med grunneigar Kaupanger hovedgård for å få plass ein avtale som sikrar allmenn tilgang til området òg i framtida. I første rekke om vinteren, men òg store delar av året om det er mogleg.

Vegen er stengt med bom og har ikkje blitt brøytt jamnleg dei to siste vintrane. At vegen skal vera open har vore ei viktig sak for idrettslaget på Kaupanger.

Skal forhandla vidare om ein avtale

På bordet låg det forslag til ein avtale om ei bompengeordning for vegen. Her var det lagt til grunn at kommunen skulle ta på seg kostnaden med å få opp ein bom med elektronisk betalingsløysing. Rett før møtet viste det seg at dette ikkje lot seg gjera, difor gjekk rådmannen mot si eiga tilråding allereie før formannskapet skulle handsama saka.

– Det er beklageleg at det skal vera så mykje styr, for det er eit fantastisk turområde heile året, ikkje minst om vinteren. Det hadde vore kjekt om me kom fram til løysing, sa Margrete Haug (KrF), som var den første som tok til orde for at kommunen bør ta på seg kostnaden for brøyting og strøing denne vinteren, før ein ny avtale kjem på plass.

Fleire av politikarane meinte at avtalen som låg på bordet uansett var for dårleg, den var for lite langsiktig og ikkje gjaldt større delar av året enn tre månader vinterstid. Difor tykte dei det var greitt med ei ny runde forhandlingar, men at det òg hasta å få på plass ei midlertidig ordning i år.

Vegen blir open i helgane denne vinteren

Fleire tok til orde for at det burde vera mogleg å finne andre betalingsløysingar enn ein elektronisk bom, til dømes via Vipps.

– Kunne me ikkje berre sagt som so, at vegen opnar på fredag og at kommunen tek på seg kostnaden denne vinteren her, så får me koma til ei løysing saman med grunneigar før komande vinter?, undra Glenn Arne Flåten (H) seg.

Rådmannen opplyste at det var fullt mogleg, men at det er problematisk om kommunen tek på seg kostnaden ved å brøyta og strø ein privat veg. Det ville vera urettferdig overfor andre private vegeigarar i kommunen.

– Det blir feil viss kommunen tek eit anna økonomisk ansvar her, sa rådmannen. 

Til slutt kom politikarane fram til at kommunen likevel skal sørga for at vegen til Goro blir brøytt fram til påska i år, men at kommunen skal arbeida vidare for å få til ein ny avtale med grunneigaren. Rådmann Jostein Aanestad seier dei tek sikte på at vegen blir opna allereie til førskomande helg.

Til toppen