OPPFØLGING: Fire år gamle Abenezer er fødd og oppvaksen i Sogndal. Sjølv om guten har alvorleg autisme risikerer han og familien å bli kasta ut av landet. Foto: Bård Siem/NRK.
OPPFØLGING: Fire år gamle Abenezer er fødd og oppvaksen i Sogndal. Sjølv om guten har alvorleg autisme risikerer han og familien å bli kasta ut av landet. Foto: Bård Siem/NRK. (Foto: Bård Siem/NRK)

Politikarane i Sogndal stiller seg bak Abenezer (4)​

Eit samla politisk miljø i Sogndal krev at den autistiske guten skal få opphald på humanitært grunnlag.

Sogndal: For to dagar sidan løfta NRK fram historia til fire år gamle Abenezer som eit døme på at dei norske reglane for opphald på humanitært grunnlag er dårleg tilpassa barn.

Guten lir av alvorleg autisme, men må reise ut av landet etter at familien fekk avslag på søknaden om opphaldsløyve. 

Dette har skapt sterke reaksjonar frå fleire hald, ikkje minst frå eit samla politisk miljø i Sogndal. 

– OPPRØRANDE: Vibeke Johnsen (SV) er stolt av at eit samla politisk miljø i Sogndal har samla seg bak kravet om regelendringar og for at Abenezer skal få bli i landet.
– OPPRØRANDE: Vibeke Johnsen (SV) er stolt av at eit samla politisk miljø i Sogndal har samla seg bak kravet om regelendringar og for at Abenezer skal få bli i landet.

– Reglane for opphald på humanitært grunnlag femnar ikkje om diagnosar for psykisk sjukdom som er aktuelle for barn. Regelverket er ikkje oppdatert med omsyn til kunnskap om psykisk sjukdom hjå barn, som til dømes alvorleg autisme. Dette gjer at psykisk sjuke barn ikkje har same vern som vaksne, og det må vere i strid med Barnekonvensjonen, står det i eit brev adressert utlendingsnemnda og som er underteikna av alle gruppeleiarane for partia i kommunestyret, samt ordføraren. 

Les også: Sogndal skal ta imot færre flyktningar enn forventa
Les også: Årdal mottakssenter vert lagt ned​

I brevet stiller lokalpolitikarane to krav: for det første at regelverket vert endra og tek omsyn til diagnosar som særskilt gjeld barn, for det andre at utlendingsnemnda tek omsyn til informasjonen om helsetilstanden til Abenezer og gjer om vedtaket om avslag.

Ofte kvir politikarar seg for å uttale seg om enkeltsaker. Vibeke Johnsen (SV) seier denne saka er spesiell, fordi den har synleggjort at dagens regelverk diskriminerer barn.

– Og det opprører noko voldsomt. Så eg er veldig stolt av det politiske mijløet i Sogndal, når alle sju gruppeleiarane stiller seg bak, seier Johnsen.    

Til toppen