DEBATT: Det gjekk til tider relativt heitt føre seg då fem av seks parti i Årdal møttest til politisk debatt, men samtlege kom ganske så heilskinna gjennom. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
DEBATT: Det gjekk til tider relativt heitt føre seg då fem av seks parti i Årdal møttest til politisk debatt, men samtlege kom ganske så heilskinna gjennom. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Politikarane kom seg heilskinna gjennom debatten

Det var nok enkelte som fekk sveitta litt, men alt i alt var den lokalpolitiske debatten i Årdal ein suksess.

Årdal: Det er iallfall konklusjonen til tre av dei fem debatantane som deltok på den lokalpolitiske debatten i kinosalen på Årdalstangen torsdag ettermiddag. 

– Det er eit kjempeflott arrangement i motsetning til tidlegare der ein berre står på stand. Du tregg ikkje så mykje folk der, iallfall ikkje på vår stand, ler Framstegspartiet sin ordførarkandidat Geir Hilmar Sandvik.

Folk var det iallfall nok av. Ikkje eitt sete var ledig i kinosalen, og folk ga tydeleg uttrykk for kva dei meinte dersom noko dei var einig i vart sagt.

– Utgangspunktet til Venstre er annleis enn for dei andre fordi me ikkje har ei politisk historie å visa til, så det blir ein tyngre jobb for oss å be om tillit, men dette var kjempespennande og noko eg meiner bør vera komen for å bli, seier Kurt Jevnaker i Venstre. 

– Rekna med å bli stilt til veggs

Engasjementet til politikarane var upåklageleg, og dei fleste partia nytta høvet til å seia si meining. Det skal seiast at Høgre ikkje stilte med kandidat, noko Porten.no forklarte årsaka til tidlegare denne veka.

Artikkelen held fram under biletet.

STYRTE SKUTA: Rolf Sanne-Gundersen gjorde ein formidabel jobb som debattleiar og sørga for at alle fekk sleppe til, fekk kritiske spørsmål og gav debatten framdrift.
STYRTE SKUTA: Rolf Sanne-Gundersen gjorde ein formidabel jobb som debattleiar og sørga for at alle fekk sleppe til, fekk kritiske spørsmål og gav debatten framdrift.

Ikkje overraskande var det sitjande ordførar Arild Ingar Lægreid og Arbeidarpartiet med sitt store fleirtal opp gjennom åra som fekk køyrt seg mest.

– Det er jo alltid litt spenning. Eg rekna med at eg vart stilt til veggs på dei fleste spørsmål, men ein god debattleiar gjorde at me som debatantar og salen oppførte seg på ein skikkeleg måte, seier Lægreid og oppmodar no folk om nytta seg av røysteretten.

Heva engasjement

– Det var ein flott debatt og flott at det var så mange som møtte opp. Eg håpar me får opp prosenten i valdeltakinga. Det var vel rundt 65 prosent som røysta ved førre lokalval, og eg vil oppfordra alle til å røysta.

Artikkelen held fram under biletet.

PÅ HOGGET: Aleksander Øren Heen (Sp) (til høgre) var på hogget under debatten. Til venstre for han er Sandra Opheim og Lars Kristian Fauske (begge MDG).
PÅ HOGGET: Aleksander Øren Heen (Sp) (til høgre) var på hogget under debatten. Til venstre for han er Sandra Opheim og Lars Kristian Fauske (begge MDG).

Debattleiar var erfarne Rolf Sanne-Gundersen, som har mange år som journalist bak seg, og som blant anna har vore distriktsredaktør i NRK Sogn og Fjordane. Sanne-Gundersen gjorde ein veldig god figur og sørga for at alle kom til ordet og gav debatten ein god framdrift.

Politiske prioriteringar, helsehuset, Øvre-Tangen og næringsarbeidet var blant dei tema som blei diskutert blant dei seks debatantane. Forutan dei tre nemnde over var også Senterpartiets Aleksander Øren Heen med, og Miljøpartiet Dei Grøne stilte med to kandidatar i Sandra Opheim og Lars Kristian Fauske.

Porten.no har heile debatten på tape og kjem til å leggja denne ut fredag.

Til toppen