NEI TIL STENGING: Politikarane ville ikkje vera med på å stengja SFO i Årdal i fire veker i strekk i sommar. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.
NEI TIL STENGING: Politikarane ville ikkje vera med på å stengja SFO i Årdal i fire veker i strekk i sommar. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.

Politikarane ønskjer ikkje å stengja SFO i fire veker

Politikarane lyttar til ønska frå FAU.

Og beskjeden frå foreldrearbeidsutvalet (FAU) er klar: 

– Dersom SFO skal stengja i fire veker i strekk om sommaren, vil dette for enkelte medføre at mor og far ikkje kan ta ut ferie ilag på fleire år. I tillegg kjem einslege, som berre har tre veker med sommarferie i puljeferie å ta ut.

– I slike tilfelle vil det by på svært store problem at SFO stengjer i fire veker i strekk. Skuleferien er tross alt åtte veker, og puljeferiane er på tre veker kvar. Det er ikkje alle som kan basera seg på at besteforeldre, søsken, tanter og onklar stiller opp som barnevakt i feriar. 

Tysdag handsame formannskapet i Årdal denne saka, der tilrådinga frå rådmannen var å stengja SFO i vekene 28 til 31. I dag er situasjonen slik at SFO vert stengd i to veker, og dei som vil nytta seg av tilbodet må melda på borna sine.

Det må vera minst fem påmelde born for at dørene skal haldast opne, men erfaringane har synt at det stadig er færre som nyttar seg av dette, og at sjølv born som er påmelde ikkje nyttar tilbodet. 

Samordna Øvre Årdal og Årdalstangen

Difor blir det føreslege frå rådmann at ein stenger i fire veker i strekk i tillegg til jule- og påskeferie. For SFO ved Farnes skule kan endringa føre til regulering av arbeidstida for nokre tilsette, med ein total reduksjon tilsvarande 22% stilling. For SFO ved Tangen skule vil endringa medføre reduserte kostnader på 54.000 kroner.

Det vil ikkje FAU vera med på. I ein høyringsuttale skriv dei følgjande:

– FAU stiller seg undrande til at ein i 2015 ikkje kjem med forslag om å samordna SFO og sommarbarnehagar. I staden for vel de å komma med forslag om å stengja SFO heilt.

– Me er klar over at det er få som nyttar seg av SFO i feriane, men for desse vil stengjing få svært store konsekvensar. Det kan for enkelte vere heilt kritisk, då ein rett og slett ikkje har nokon plass å gjera av ungane medan ein sjølv faktisk må på jobb.

Løysingsforslag

Dei kjem samstundes med to forslag til løysingar, der ein samordnar Øvre Årdal og Årdalstangen, slik at ein kan halde ope på ein av dei to plassene, og viss dette ikkje let seg gjera, at ein får moglegheit til å kjøpa seg dagsplass i SFO. 

– FAU meiner at eit «barnehagetilbod» kan vere vel så bra som å halde ope SFO, då ein her kanskje får aktivsert ungane på ein betre måte.

Lytta til FAU

I formannskapsmøtet blei det peika på at andre kommunar i Sogn har gjort det som no blir tilrådd, men politikarane lytta heller til FAU.

– Me ser ikkje heilt at dei to innspela FAU kom med viser seg igjen i tilrådinga, så Arbeidarpartiet er der at me ser kva dei peikar på, spesielt når det gjeld sommarferien. Det er mange som jobbar skift og mange som er låst opp til å halde ferien sin i puljar, og det kan bli vanskeleg for dei, seier Marie Helene Hollevik Brandsdal og med følgjande framlegg:

«Ved behov, minst 5 søkjarar, gjev kommunen eit tilbod om plass i SFO ved ein av skulane i veke 28 og 31. SFO er stengt i veke 29 og 30. Skulane samordnar dette og gjev melding til søkjarane om tilbodet gjeld i Øvre Årdal eller på Årdalstangen. Tilbodet kan òg gjevast i samarbeid med ein av barnehagane. I tillegg stenger SFO i skulane sin jule- og påskeferie.»

– Fornuftig

Dette stilte Aleksander Øren Heen (Sp) seg bak.

– Eg såg også på innspela frå FAU og dei er fornuftige. Eg likte løysinga om å sjå på sambruk med barnehagane. I staden for å halde ope med tre-fire ungar er det betre om dei er med barnehagane. 

Rådmann Olve Fossedal såg heller ingen grunn til at dette ikkje skal late seg løysa.

– Det som er positivt her er at det blir lagt opp til at rådmann kan utvise fleksibilitet. Det trur eg me best oppnår med dei som jobbar her og fagforbundet. Det er klart me skal få til dette, seier han.

Til toppen