FORLATEN IDYLL: Tingastad er ein forlaten gard nede ved Sognefjorden på sørsida av Fimreite-halvøya.
FORLATEN IDYLL: Tingastad er ein forlaten gard nede ved Sognefjorden på sørsida av Fimreite-halvøya. (Foto: Terje Rutgersen)

Politikarane positive til nytt naturreservat i Sogndal

Sist gong naturreservat var tema vart det fullt spetakkel. Denne gongen er tonen berre positiv.

Sogndal: Politikarane i Sogndal er positive til opprettinga av Tingastad naturreservat, men ønskjer at vegen til garden som har gitt opphav til namnet blir betre merka.

– Det er utruleg vakkert på Tingastad, men tilkomsten bør vera betre tilrettelagd. Kjem du med båt er det greit, kjem du med beina frå Haukåsen er det meir vrient, sa Vibeke Johnsen då saka var oppe i formannskapet torsdag.

Gamal skog

Tingastad er ein nedlagd gard heilt nede ved fjorden på sørsida av Fimreite-halvøya, vest for flyplassen på Haukåsen. Området som er føreslått verna er på 1300 mål og strekker seg frå fjorden og opptil omlag 770 meter over havet. 

Store delar av skogen er gamal og lite påverka. Dei eldste furutrea kan vera opp mot 400 år gamle, ifølgje registreringar utførde i 2005. Området er mykje brukt til hjortejakt.

På torsdag skulle politikarane gje ein uttale til framlegget som no er på høyring. Det er staten ved Miljødirektoratet som eig området. Fylkesmannen i Sogn og Fjordane styrer prosessen fram mot verning.

UTANFOR ALLFARVEG: Garden Tingastad er markert med ein grå markør nede til venstre i biletet. Foto: Skjermdump/Google Maps

Ønskjer stien merkt

Politikarane var i stuss på om dei skulle kreva at stien ned til garden vart betre merka, men valde å ikkje gjera det.

– Eg meiner vern og bruk høyrer saman, og tek det for gitt at det er lagt til rette med informasjon, sa ordførar Jarle Aarvoll.

Sist gong naturreservat på Kaupanger var tema førte det til masse bråk då det vart føreslått å forby stisykling. Denne gongen er ikkje stisykling nemnd i det heile, men det vil bli forbod mot tekniske inngrep, hogst og motorferdsel. 

– Me er nøgde med at det i framlegget til verneforskrift ikkje er avgrensingar på utøving av vanleg friluftsliv og jakt, skriv politikarane i framlegget dei enda opp med.

Til toppen